Bråkete fakta
21. sep 2009 08:15
Illustrasjon av stemmeband. Når vi pustar, eller stemmebanda kviler, formar dei ein V. Når vi snakkar eller syng, klappar dei saman og vibrerer. Ill.: GV-PRESS
Korleis blir lyden eigentleg til når ein snakkar eller syng? Det finn du ut her!
Fakta nr. 1
Stemmebanda kan vere i mange fasongar, og ulik form gir ulik lyd. Dei store, tjukke stemmebanda til ein mørk brumlebass vil svinge sakte og gi mørk lyd. Dei kortare og tynnare stemmebanda til ein kvitrande sopran vil svinge raskare og gi lysare lyd.
Fakta nr. 2
Kor flink er du til å syngje? Hald ein finger på strupehovudet ditt og test deg sjølv. Syng først mørke og så lysare og lysare tonar. Sjansen er stor for at strupehovudet ditt kryp langsamt oppover i halsen.
Fakta nr. 3
Når du syng så sterkt som du klarar, brukar du berre litt over halvparten av kapasiteten til lungene dine. Er du derimot sint eller glad, får du meir kraft i musklane i mellomgolvet, og du kan sende meir luft ut av lungene dine. Slikt blir det lyd av. Mykje lyd!
Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-09
Sist endret: 21.09.2009