Energiske miniskaparar
24. sep 2008 06:00
Ein klimarensar
Verda treng miljøvennleg energi. Kanskje er det unge nysgjerrigperar på Forskingstorget i Oslo som har løysinga?
Allereie tidleg fredag morgon er oppfinnarane i gong. Unge nysgjerrigperar har flokka seg rundt eit bord fylt med eggekartongar, pasta og limpistolar. Vi er i Forskerfabrikken sitt telt, og over arbeidsbordet står det "Miniskaper'n". Her er det kun born som har adgang!
Miljøvennlege energimaskinar
Eit lufttempel. Ein maskin som sender luft gjennom rør, og produserer strøm.Foto: Nysgjerrigper
Verda treng miljøvennleg energi - og borna har teke på seg oppdraget. Dei skal skape framtidas miljøvennlege energimaskinar - og det er ingenting å seie på fantasien!
Miljøbil og megakraftverk
Borna fortel engasjert om oppfinningane sine: Ein miljøbil som sluker CO2. Eit megakraftverk som ikkje slepp ut CO2. Eit lufttempel som får luft inn gjennom rør - og produserer strøm! Og dette er berre små smakebitar!
Du finn alle skulpturane på nettsida www.miniskaperen.comFoto: Nysgjerrigper
Besøk miniskaperen.com
På Internett kan du sjå bilete av 136 ulike oppfinningar. Alle har spennande namn, og du kan også lese om korleis dei ulike oppfinningane fungerer. Kanskje blir du inspirert til å lage noko sjølv?
Besøk utstillinga på miniskaperen.com
Sist endret: 24.09.2008