Nei, nei, gutt - dette må bli slutt!

23. okt 2008 06:00

To elevar som helsar på kvarandre (Ingressbilde) To elevar frå Storevarden skole helsar høfleg på kvarandre.

På Forskingstorget i Sandnes viste elevar frå Storevarden skole eksempel på god folkeskikk. Og dei kan sitt fag. Dei gjekk sigrande ut av Årets Nysgjerrigper 2008, der dei forska på nettopp folkeskikk!

I ei barneregle heiter det:

Nei, nei gutt, dette må bli slutt!
Ikke storme inn i stua, før du har fått av deg lua!
Glemte du det rent? Det var ikke pent.

Regla er laga for 100 år sidan, og folkeskikken har nok endra seg ein del sidan den tid. Du synest sannsynlegvis at det høyrest litt strengt ut!

Lære bort folkeskikk

6. klassingar frå Storevarden skole forska i vår på folkeskikk, og gjekk med det heilt til topps i forskingskonkurransen Årets Nysgjerrigper. Under Forskingstorget i Sandnes lærte dei folk frå Sandnes eit og anna om korleis ein skal oppføre seg.

Bra folkeskikk i Sandnes?

Gammal mann som må stå på bussen (Hovedtekstbilde)Ein gammal mann må finne seg i å stå på bussen.
Foto: Ann Kristin Sandsmark Hansen
Det er fredag og det er Forskingstorg i Sandnes. Elevane har installert seg på Vitenfabrikken og publikum strøymer til. Dei dramatiserer ulike måtar å helse på kvarandre på, og lurer på kva som er riktig? Dei viser eit eksempel frå bussen, der ein gammal mann må stå, mens ungdommane blir sittande. Er dette god folkeskikk, spør dei publikum.

Korleis står det til med folkeskikken til folk frå Sandnes? Ekspertar frå Storevarden vurderer oppførselen til folk som er på besøk. Vurderinga er sjølvsagt frivilleg - og kun dei modigaste vågar seg fram på!

Folkeskikk-konkurranse

Elevar reknar poeng (Hovedtekstbilde)Konsentrerte dommarar deler ut poeng (legoklossar).
Foto: Ann Kristin Sandsmark Hansen
Elevane arrangerer også ein folkeskikk-konkurranse. Ein samla jury gir konkurrentane poeng. Legoklossane, som blir stabla opp på kvarandre, avslører kven av konkurrentane som er i leiinga. 

Gøy med forsking

Mange blant publikum er imponert over innsatsen til Storevarden-elevane, og synest at dei har forska på eit interessant tema. Nokre vaksne vil ringe lærarene til barne sine og oppfordre dei til å byrje med forsking på skulen!

Etterpå var lærar Ann Kristin Sandsmark Hansen synleg stolt over innsatsen til elevane. Og når ein ser kor høflege elevane var undervegs, er det tydeleg at dei har lært mykje av forskinga si. Om dei klarte å betre oppførselen til folk frå Sandnes, får tida vise...

 

Sist endret: 23.10.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?