Liv på framande klodar

26. nov 2008 06:00

Høyreiste, utenomjordiske skapninger (Ingressbilde) Slik tenker kunstnere seg at dyr kan se ut på en planet med svakere tyngdekraft enn jorden. ILL: C. DARKIN/SPL

Astronomar oppdagar stadig nye planetar utanfor solsystemet. Det er svært sannsynleg at det finst liv i universet utanfor vår eigen planet.

Det er minst 100 milliardar galaksar i universet. I vår galakse, Melkevegen, er det rundt 400 milliardar stjerner. Så langt har vi oppdaga over 200 planetar utanfor solsystemet, og vi finn stadig fleire etter kvart som vi får betre teleskop. Forskarane innser no at det er svært sannsynleg at det finst liv i universet utanfor vår eigen planet.

Forutsetnader for liv

Livsformene vi kjenner fra vår planet, tar opp energi, veks og tilpassar seg miljøet rundt seg, formeirer seg, og til slutt døyr dei. For at slike livsformer skal overleve på jorda, må det vere flytande vatn til stades, temperaturen og lufttrykket må vere riktig, og det må finnast ei ytre energikjelde.

Til nyleg trudde ein at det var sola som var energikjelda til alt livet på jorda. Men så har ein oppdaga ekstreme livsformer ved vulkanske utstrøymsopningar i djuphavet og i sure varme kjelder. Dette tyder på at energien også kan stamme frå kjemiske prosessar eller jordvarme.

Planet som minner om Jupiter (Hovedtekstbilde)Mange av planetane som no er oppdaga utanfor solsystemet, er store gasskjempar som minner om Jupiter. Her svever kanskje livsformer rundt ved hjelp av flyteblærer.
Foto: C. DARKIN/SPL

Liknar dei på oss?

Dersom andre planetar i universet liknar på jorda og har eksistert lenge nok til at liv har fått utvikle seg, er det gode sjansar for at livsformene der har mykje til felles med livet på jorda.

Fleire gonger i løpet av livets utvikling på jorda har dei samme trekka dukka opp hos ulike livsformer. Så ulike dyr som insekt, fuglar og flygeøgler har utvikla venger. Fleire dyr som lever i vatn, som haiar, kvalar og fiskeøgler, har utvikla ryggfinner. Hos mange dyregrupper har det utvikla seg gangbein, og dei fleste dyr har auge i ei eller anna form. Fleire plantegrupper har utvikla eit rotliknande festeorgan og ulike typar blad.

Framande tilhøve

Men også andre ting verkar inn på utviklinga av liv. Tyngdekrafta har stor innverknad, og den er avhengig av massen til planeten. Nokre planetar kan vere vassverder, kanskje dekte med is. Mange er for ein stor del sette saman av gass. Kan det oppstå liv der? Eller på stjerner?

I meir enn 40 år har radioteleskopa våre søkt etter teikn på liv frå andre verder. Dei har ikkje funne noko, men universet er stort. Det blir no bygt store teleskop som skal vere med i leitinga, og kanskje vil dei oppdage planetar som liknar på vår eigen? Men til då må vi nøye oss med forskarane og kunstnarane sine fantasibilde av liv på framande klodar.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-08

Sist endret: 26.11.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?