Giftmanet blir festmat
30. jun 2009 05:00
FOTO: GV-PRESS
Ho er stor, klissete og har tolv lange, giftige armar. Norske forskarar arbeider for at du snart kan få kjempemaneta periphylla periphylla servert i salaten din på ein kinarestaurant. Får du vatn i munnen?
I Kina har folk ete maneter i mange år, og maneter er ofte den dyraste maten på menyen. Kinesarane meiner at manetkjøtt gir fin hud og er sunt for blodet. Kjøttet er dessutan fullt av protein og mineral.
Tolv tentaklar
Du har sikkert sett glasmaneter og brennmaneter når du har bada eller vore på fisketur. Går vi lenger ned i djupna, dukkar ein annan krabat opp – nemleg periphylla periphylla – ein kronemanet med tolv tentaklar.
Ho toler ikkje lys, så om dagen held ho seg langt nede i vatnet, mange hundre meter, faktisk. Når natta senkar seg, vågar ho seg nesten opp mot overflata. I hopetall, for kjempemaneta har invadert norske fjordar.
Gift lammar byttet
Maneta har fangarmar med gift som lammar byttet, og kan lamme fiskar på opptil fem kg. Fangarmane er det første ein fjernar når ein skal gjere maneta om til restaurantmat. Ho blir vaska grundig, og får tilsett eit stoff, alun, som fjernar gifta. Til slutt legg ein maneta i salt for å trekkje ut vatnet. Og det er ikkje lite vatn som skal ut – 95 % av kroppen til maneta er vatn!
Når ein har børsta vekk saltet, kan maneta kuttast i bitar og pakkast. Då er ho klar til å bli menneskemat. Ein treng faktisk ikkje koke eller steikje henne, men kan strimle henne rett i salaten.
Norsk forskning i kinesisk ånd
I kinesisk ånd samarbeider no firmaet Su San på Frøya og SINTEF-forskaren Kesheng Wang om å lage norsk festmat av kjempemaneta. Utfordringa er å finne gode måtar å fange ho på utan at ein sopar med seg store mengder fisk.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-08
Sist endret: 30.06.2009