Drakar - berre eventyr og overtru?
05. feb 2009 07:00
FOTO: 1-IMAGES.NO
Dei er store og livsfarlege. Dei sprutar ild og ét prinsesser som snacks. Heldigvis finst drakar berre i fantasien. Likevel har folk trudd på dei i hundrevis av år.
Medan du les dette, har du sikkert eit bilde av ein drake inne i hovudet ditt. Eit digert øgleaktig dyr med skjelete hud, venger og sylskarpe tenner og klør. Dei fleste menneske veit korleis ein drake ser ut. Vi har hørt om drakar i eventyr, lest om dei i bøker og kanskje sett dei på film. Drakar finst overalt, unnateke i røynda.
Drakebok
Torfinn Ørmen er zoolog. Han veit mykje om dyr. Både dyr som finst og dyr som ikkje finst. Han har óg skrive ei bok om drakar. I boka skriv han at drakar aldri har levd. Likevel har folk over heile verda trudd på drakar i hundrevis av år.
Ørmen trur at dinosaurfossil kan vere noko av forklaringa. Før i tida visste ikkje folk så mykje om dinosaurar. Derfor kan dei ha dikta opp historier om drakar for å forklare rare knoklar og tenner dei har funne i jorda.
Naturleg drake: KrageagamFoto: Shutterstock
Medfødt redsle
Ei anna forklaring er at redsla for drakar kan vere noko ein er fødd med. Menneska har utvikla seg frå små apeaktige dyr. Apane sine farlegaste fiendar er slangar, rovfuglar og kattedyr. Kanskje er redsla for desse dyra blitt blanda saman gjennom mange tusen år. Tenk deg ei blanding av slange, ørn og leopard. Det liknar litt på ein drake, ikkje sant?
Seinare måtte menneska passe seg for farlege dyr som elefantar, nashorn, kvelarslangar og krokodiller. Kanskje er det historier om desse dyra som har blitt til forteljingar om drakar?
Gudar og monster
Sjølv om folk i alle verdsdelar har trudd på drakar, har vi oppfatta dei veldig ulikt. Her i Europa har vi tenkt oss at drakane er grådige og slemme monster. Ofte ét dei både husdyr og menneske, og dei stel gull som dei samlar i holene sine. I europeiske segner og eventyr står drakane for alle slemme og vondskapsfulle ting menneska gjer mot kvarandre.
Som fortent
I segna om Sigurd Fåvnesbane kan du lese om den grådige dvergen Fåvne. Han drep faren sin for å stele ein skatt. I skatten ligg ein magisk ring som kan skape om den som stel han. Fåvne var grisk, og for å stele skatten gjorde han vonde og forferdelege ting. Derfor skaper den magiske ringen han om til ein diger drake. No er Fåvne like fæl og frykteleg utanpå som på innsida.
Når drakane er så slemme, er det kanskje ikke så rart at det ofte går dårleg med dei i europeiske forteljingar. Gode heltar som drep vonde drakar, fortel om at det gode kan vinne over det vonde.
Naturleg drake: Sjødrake.
Foto: CorbisOgså Fåvne blir drepen til slutt. Helten Sigurd gøymer seg i eit hol i bakken og drep Fåvne som kjem forbi for å drikke. Den mest kjente drakedreparen er nok Sankt Georg. Han skal ha redda både ei prinsesse og ein heil by frå ein farleg drake. I dag er han vernande engel for speidarrørsla.
Bringar lykke i Asia
Medan drakar er blitt sett på som vondskapsfulle monster her i Europa, er dei meir populære i Asia. Der trur ein at dei fører med seg lykke. I mange land har dei blitt tilbedne som gudar. I Kina er drakane regngudar som gir menneska vatn. Dei fire største elvane i landet har namn etter kvar sin drake. Når elvane går over breiddene sine, seier folk at det er drakane som snur seg medan dei søv. Dermed er også dei kinesiske drakane farlege. Sjølv om dei ikkje finst.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-08
Sist endret: 05.02.2009