Dinosaurforskar blir Æresnysgjerrigper

01. des 2008 06:00

Hurum i kjeven på rex 2

Torsdag utnemner vi vår nye Æresnysgjerrigper. Dinosaurforskar Jørn H. Hurum mottar prisen på Kon-Tiki Museet i Oslo.

I 1995 blei Thor Heyerdahl utnemnt til Æresnysgjerrigper. No har vi endeleg funne ein verdig arvtakar. Han heiter Jørn Hurum - og er ein heilt ekte dinosaurforskar. Det må vel vere ein av verdas kulaste jobbar?

Fossil av forhistoriske dyr

Jørn jobbar ved Geologisk museum i Oslo. Han er paleontolog og studerer fossil av forhistoriske dyr - og då spesielt dinosaurar. Du har kanskje høyrt om Monsterøgla frå Svalbard? Hausten 2006 fann nemleg Jørn og nokre andre forskarar eit fossilt skjelett av ein pliosaurus - eit av dei største rovdyra som nokosinne har levd. Øgla var stor som ein buss og tennene var store som agurkar.

Æresnysgjerrigper

Jørn er ein kjempeflink forskar og jobbar som ein ekte Nysgjerrigper. Han er nysgjerrig, undrar seg over ting rundt seg og stiller spørsmål. Veldig gode spørsmål. Og Jørn gir seg ikkje før han finn svara på det han lurer på. Jørn elskar å fortelje andre om alt det han finn ut - og han fortel om det på ein spennande måte. Han har skrive bøker, og fortalt om dinosaurar både på radio og tv. Kanskje har du sett han i "Jørns hjørne" på Newton?

Premiepakke fra Nysgjerrigper (Hovedtekstbilde)Foto: Nysgjerrigper

Fem heldige vinnarar

Har du levert inn forslag til Æresnysgjerrigper - og var det kanskje Jørn H. Hurum du foreslo? Vi har i alle fall plukka ut fem heldige vinnarar: Øystein Løvli Svendsen fra Tananger, Anne-Marte Mardal frå Fjellbygda, Tor Martin Lien fra Kristiansand, Sandra Stene frå Trondheim og Eivind Skimmeland fra Dalen. Gratulerer til alle frå oss i Nysgjerrigper. Flotte premiar kjem i posten!

Utnemning på Kon-Tiki Museet

Torsdag kan du oppleve ein ekte dinosaurforskar på Bygdøy. Jørn blir nemleg utnemnt til ny Æresnysgjerrigper på Kon-Tiki Museet kl. 11. Kom gjerne innom! Kanskje får du svaret på eit vanskeleg dinosaur-spørsmål - og kanskje får du med deg autografen til verdas einaste Æresnysgjerrigper?

Sist endret: 01.12.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?