Nye vinnarar

13. nov 2008 07:00

Nysgjerrignøtta nr. 3-08 /Energi 1 (Ingressbilde) Ein lukkeleg lyspærefamilie

I dag er vi i Nysgjerrigper i det gavmilde hjørnet. Vi premierer både vinnarar av sudoku og nysgjerrignøtta - 7 personar til saman!

I dag premierer vi både dei som er flinke med tal og dei som kan å svinge fargeblyantane. Alle kan glede seg til flotte premiar frå Nysgjerrigper i posten. Denne gongen er det harde pakkar det er snakk om...

Fargestiftkunstnarar 

Vi har plukka ut to vinnarar frå Biristrand. Begge går på Biristrand skole, og namna er Eline Svelle og Susanne Marie Larald. Gratulerer! I ei postkasse i Fredrikstad vil det dumpe ned ein pakke til Agnes Vøllo, og i Sogndal er det Sander Ness som får seg ei overrasking. Ingrid Ekløw Eriksen frå Horten har også gjort seg fortent til ein flott premie. Vel blåst!  

Sudokuekspertar

Nysgjerrignøtta nr. 3-08 /Energi 3 (Hovedtekstbilde)Både vind og lyn frigjer mykje energi.Også denne gongen var det mange som hadde plassert dei 81 sudoku-tala i rutene der dei høyrer heime. I den harde konkurransen var det Vilde E. Stokkeland frå Kvinesdal og Sander Fondenes frå Straume i Bergen som gjekk heilt til topps. Nysgjerrigper gratulerer! 

Spel og konkurransar 

Nysgjerrignøtta nr. 3-08 /Energi 2 (Hovedtekstbilde)Både vindkraft og vasskraft er døme på fornybar energi.På nettsidene våre, nysgjerrigper.no, har vi mange spel og konkurransar som du kan prøve deg på. Du kan teikne og delta teiknekonkurransen Nysgjerrignøtta, du kan trene dei små grå i Nysgjerrigper sin quiz eller løyse sudokubrett med ulik vanskegrad - i tillegg til mykje anna! Sidene er absolutt verdt eit besøk, og i høgremargen under "Se også" finn du lenka til sidene.

Ny sudoku er allereie på plass, og nye spennande teikneoppgåver ligg allereie ute. Kva ventar du etter? Det er berre å sette igong!

Sist endret: 13.11.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?