Isbrear med feber

21. jan 2008 06:00

Briksdalsbreen, nedsmelting, isbre - FOTO: SHUTTERSTOCK.COM

Isen smeltar ved polane og klimaet er i endring. Vi har tatt temperaturen på dei norske isbreane. Korleis står det eigentleg til?

Når turistar reiser til Norge, er det først og fremst den norske naturen som freistar. Dei djupe fjordane, dei høge fjella, midnattssola og ikkje minst: Dei store, flotte isbreane våre!

Når breane minkar i Himalaya, kan dette føre til mangel på vatn. I Norge er det ikkje vatnet som forsvinn, men derimot turistane!

Halde på turistane

Ved Briksdalsbreen i Nordfjord har varmare klima ført til at breen har minka. Dei siste 10 åra har han trekt seg over 500 meter tilbake, og er no berre ein skygge av seg sjølv. Smeltinga har gjort at isbreen kalvar hyppig, og den populære brevandringa er no blitt forbode.

Korleis klarar ein å halde på 300.000 turistar når breen minkar og breaktivitetane må leggast ned? Jau, då tenkjer ein heilt nytt.

Briksdalsbreen, isbre, liggende format - FOTO: SHUTTERSTOCK.COM

Vatn med små isfjell

Ein kjøper inn gummiflåter, utstyrer dei med førarar og inviterer turistar til isbrepadling! Nedsmeltinga av breen har avdekka eit 500 meter langt og 300 meter breidt vatn med små isfjell og isflak som ein navigerer mellom. Turistane får arktisk stemning ved ein liten brearm i Nordfjord.

Kortvarig moro

Men det heile er nok kortvarig moro. Dersom breen fortset å smelte i same tempo i åra framover, vil den etterkvart bli heilt borte. Det same gjeld andre brearmar rundt omkring i Norge, som også viser same sjukdomsteikn.

Vanleg med variasjonar

Det er vanleg at storleiken på breane varierer, men breforskarar trur ikkje at breane har vore så små sidan vikingtida! Spesielt siste 5 åra har avsmeltinga vore enorm. Vi får håpe at Briksdalsbreen om få år igjen dekker brebassenget, og at isbrepadlinga berre er heilt midlertidig. Då er vi avhengige av snørike vintrar i fjellet, der danninga av isen skjer.

Krysse fingrane

Det går omtrent tre år frå isen blir danna, til ein kan merke at fronten av breen kjem nærmare. Vi seier at breen har ei reaksjonstid på 3 år. Det same gjeld ved milde vintrar. Då går det 3 år før brefronten trekkjer seg tilbake.

Den gode snøvinteren for eitt år sidan, får ein altså merke resultatet frå om to år. Vi får krysse fingrane, og håpe på mange liknande vintrar i åra framover.

Sist endret: 21.01.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?