Wolof, fufulde og SMS

17. nov 2008 06:00

Skriv du "koz" i norskboka eller "l8er" i engelskboka, vil mange lærarar grine på nasen. SMS-språk er ikkje alltid like populært - men det kan faktisk redde lokale språk!

SMS, afrikansk, barn, mobiltelefon - ILL: BIRGITEE KOLBEINSEN/MELKEVEIEN, Nysgjerrigper 1-08 I ein del afrikanske land kan sms-ar mellom ungdommar redde lokale språk. Forskar Kristin Vold Lexander ved Universitetet i Oslo har forska på dette.

Fransk koloni

Senegal var ein fransk koloni fram til 1960. Fransk vart innført som skriftspråk, sjølv om berre ein liten del av folket kunne snakke fransk. No er franskmennene for lengst borte, men ved skular og universitet skjer undervisninga framleis på fransk. På ein del landsbyskular lærer borna å skrive på lokale språk, men det blir ikkje sett på som "ordentleg" skule. Elevane her er frå fattige familiar, og utan opplæring i fransk kan dei ikkje skaffe seg ei skikkeleg utdanning seinare.

Eige språk

Mobiltelefonen har derimot skapt endringar. No sender studentar sms-ar til kvarandre på mellom anna wolof og fufulde, som er dei to språka som flest snakkar i Senegal. På universiteta er det framleis fransk som er tingen, men ungdommar brukar oftare sitt eige språk i fritida. Kanskje får studentar lærebøker på sitt eige språk om nokre år, og då får kanskje fattige òg sjansen til å studere?

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-08.

Sist endret: 17.11.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?