Saltvatn + ferskvatn = energi

22. feb 2008 00:00

Visste du at ein kan produsere energi ved å blande saltvatn med ferskvatn? Saltkraft blir det kalla, og forskarar trur på store saltkraftanlegg allereie om fem år!

Når ei elv renn ut i havet og vatnet frå elva blandar seg med det salte sjøvatnet blir det frigjort store mengder energi. Det er lett å skjøne at vatn i store fossefall eller i geysirar blir til energi. Men korleis i alle dagar kan det same skje når saltvatn møter ferskvatn?

Saltpartiklar ingen adgang!

Saltkraft

Saltvatnet frå sjøen renn gjennom rør inn i ein behaldar. Behaldaren er delt på midten av ein membran. Membran er ei veldig spesiell hinne med uendeleg mange bittesmå hol. Ho har evna til å sleppe gjennom nokre partiklar, medan ho nektar andre adgang.

På den andre sida av membranen kjem det inn ferskvatn frå elva. Membranen er laga slik at dei små vassmolekyla klarer å smette seg gjennom, medan dei større saltpartiklane berre krasjar i hinna.

Semipermeabel membran ILL: statkraft.noHer ser du vassmolekyl på høgre side og blanding av salt- og vassmolekyl på venstre. Saltmolekyla er for store til å komme seg gjennom membranen. ILL: statkraft.no

Osmose

Prinsippet bak saltkraft er osmose, eit fenomen som blir brukt i naturen av alle levande organismar.

Partiklar har ein tendens til å flytte seg frå eit område med høg konsentrasjon til eit område med lav konsentrasjon. I dette tilfellet er det flest vassmolekyl i vatnet frå elva. Saltvatnet vil då prøve å trekke vassmolekyl gjennom membranen for å få like mange vassmolekyl på begge sider.

Miljøvennleg kraft

Vassmengda og vasstrykket vil auke på sida med saltvatn, og vasstraumen som blir danna kan brukast til å drive ein turbin. Resultatet blir straum!

I motsetnad til ein del av dagens energikjelder, er saltkraft miljøvennleg og gjev ikkje utslepp av CO2. Einaste utsleppa frå kraftverka blir uttynna sjøvatn, fordi sjøvatnet har trekt til seg ferskvatn. Det er nesten for godt til å vere sant!

Over heile verda

Alle stadar i verda der elver renn ut i ferskvatn kan det frigjerast energi. Mange storbyar verda over ligg ved store elvemunningar - akkurat der ferskvatn møter saltvatn! Kan det bli betre? Norske og internasjonale forskarar jobbar no saman for å utvikle effektive saltkraftverk. Dei største optimistane håpar at ein har store saltkraftanlegg allereie om 5-8 år.

ÅRETS NYSGJERRIGPER - ENERGIPRISEN 2008

linje linje

Vinn pris for forsking på energi og miljø!

Alle som deltar i forskingskonkurransen Årets Nysgjerrigper 2008, konkurrerer i tillegg til hovedprisen om fem spesialprisar. Energiprisen er ein av desse, og blir delt ut av Enova til Regnmakerar som er levande opptekne av energi- og miljøspørsmål.

Regnmakerane vil at vi skal forbruke mindre energi, og at vi skal satse på fornybare energikjelder.

Les meir om kriteria for Energiprisen på Regnmakerane sine nettsider.
Les meir om spesialprisane i Årets Nysgjerrigper 2008.
Les meir om konkurransen Årets Nysgjerrigper.

  linje
 





 

 









 

Sist endret: 22.02.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?