Ring eller hanske?
29. feb 2008 06:00
Er du heldig, kan du i dag vere vitne til at damer fell ned på kne eller at menn spring rundt med flust av hanskepar i hendene!
Tradisjonen seier at det er menn si oppgåve å spørje damer om dei vil gifte seg - eller å fri som det heiter. Men kvart fjerde år får kvinner 24 timar på seg til å kapre ein mann på eiga hand. Då kan nettopp dei gå på friarføter. På skotårsdagen kan ingen mann kjenne seg heilt trygg.
|
Forklaringar |
||||
|
Skotårsdag: Kvart fjerde år har februar éin dag ekstra. I år har februar 29 dagar mot det normale som er 28. |
||||
Treige menn
Ei segn seier at skikken er irsk og oppsto allereie i det 5. århundret. Det var visstnok St. Patrick som gav kvinnene lov til å fri kvart fjerde år. St. Brigid hadde nemleg klaga over at kvinner måtte vente altfor lenge på å få seg ektemenn. Ho ville ha litt fart i sakene!
Ugift skotsk dronning
Ei anna segn fortel at det var den ugifte skotske dronninga Margaret som innførte ei lov på 1200-talet. Lova gav kvinner høve til å fri heile skotåret. Viss ein mann bestemte seg for å avslå eit frieri, trass i at han ikkje var forlova med ei anna, måtte han verkeleg punge ut! 100 pund måtte han betale, og på den tida var dette store pengar - nok til at han gjerne måtte flytte frå både hus og heim.
12 par med hanskar
No kan sjølvsagt ei kvinne fri når på året ho vil, men det er den dag i dag vanleg at kvinner frir på skotårsdagen. Ein mann kan framleis avslå eit frieri, og slepp no å selje huset sitt for å kunne betale kvinna som frir. 12 hanskepar er det tradisjon for at kvinna får frå mannen - istadenfor eit rungande ja! Men kvifor i alle dagar får ho hanskepar? Jau, hanskane skal skjule at kvinna manglar forlovingsring...
Sist endret: 29.02.2008