Nytt liv i sniglehuset

26. okt 2009 06:00

Dersom ein er fødd døv, betyr det ikkje lenger at ein må leve eit liv i stillheit. Små born får no operert inn eit apparat i øyret som kan gje dei nesten normal høyrsel.

flimmerhår, øret. FOTO: GV-PRESS/SPL, NYSGJERRIGPER 1-08FOTO: GV-PRESS/ SPL

I det indre øyret ligg noko ein kallar for sniglehuset. Her blir lydbølgjer gjorde om til elektriske signal som blir sende til hjernen. Eit friskt øyre har rundt 15 000 flimmerhår i sniglehuset.

Lyd er rørsler

Bølgjer av lyd får desse flimmerhåra til å røre på seg. Alt etter kva lyd ein høyrer, kjem ulike hår i rørsle. Rørslene skaper elektriske signal som høyrselsnerven fraktar til høyrselssenteret i hjernen. Der blir signala tolka, og vi oppfattar dei som lyd.

Fødde døve

Mange born som er fødde døve, har flimmerhår som ikkje fungerer. No finst det heldigvis håp! Ved Rikshospitalet i Oslo opererer kirurgane inn noko ein kallar for cochlea-implantat. Cochlea er rett og slett det engelske ordet for sniglehus.

Radiomottakar

På øyret blir det festa ein opptakar som tek opp talelyd. Lyden går så innom ein omformar som gjer han om til elektriske signal. Ei antenne på utsida av huda held seg fast ved hjelp av ein magnet frå innsida. Antenna sender talesignala til ein radiomottakar innanfor huda.

Nesten som ekte lyd

Frå mottakaren går det ein leidning heilt inn i det inste øyret, i sniglehuset. Leidningen overfører elektriske signal til høyrselsnerven på same måte som flimmerhåra i eit friskt øyre. Hjernen vil så oppfatte dette som lyd. Vaksne som har mist høyrselen og fått operert inn eit implantat etterpå, seier at lyden er veldig lik slik dei huskar den ekte lyden.

Tidleg ute

Dei første leveåra utviklar høyrselssenteret i hjernen seg ved at det oppfattar lyd. Når born er seks–sju år, sluttar denne utviklinga. Det er difor viktig at born som er fødde døve, får denne operasjonen så tidleg i livet som mogleg.

Fakta om høyrsel

Hørsel, øre, mann. ILL: MELKEVEIEN DESIGN, NYSGJERRIGPER 1-08

  • I snitt er eitt av tusen barn døve ved fødselen. I tillegg misser eitt av tusen barn høyrselen før det blir vakse.
  • I snitt har 65-åringar mist 40 % av flimmerhåra i øyra.
  • Hundar har dobbelt så god høyrsel som menneske. Dei kan høyre frekvensar som er 2,5 gonger høgare enn det vi menneske høyrer.
  • Ugla sin høyrsel er så presis at ho kan høyre og fange ei mus i stummande mørke.











 

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-08

Sist endret: 26.10.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?