Håpefulle fuglar

Fugl. FOTO: SHUTTERSTOCK, NYSGJERRIGPER 1-08

Flimmerhåra i sniglehuset hos menneske kan ikkje reparerast. No ser forskarar etter ei løysing ved å studere fuglar.

Når fuglar blir utsette for ekstremt høg lyd, så skjer det same som hos menneske. Ein del av flimmerhåra inne i øyra døyr, og dei høyrer dårlegare. Men så skjer det rare: I løpet av nokre veker blir dei øydelagde håra erstatta av nye og friske flimmerhår. Fuglane høyrer like godt som før!

Mann og mus?

Stefan Heller er ein framståande forskar ved Stanford-universitetet i USA. Han har som mål å kurere høyrselen til døve mus innan fem år. Etterpå vil han gjere det same hos menneske. Korleis? Han vil transplantere stamceller inn i sniglehuset.

Stamceller

Stamceller er spesielle celler i kroppen som har evna til å kunne lage andre typar celler. I sniglehuset kan stamceller lage nye hårceller. Dermed kan nye, friske flimmerhår vekse fram. Men vi snakkar nok om minst ti år før dette er ein realitet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-08

Sist endret: 03.11.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?