Gullfeber i nord
02. jun 2008 06:00
I 1848 fann ein gull i California, og det var starten på det store gullrushet. No er staden Karasjok, og spadar og hakker er bytte ut med boremaskinar og dynamitt! Finnmarkingar førebur seg på ein gullalder.
I Finland har dei alt funne gull og starta opp gullgruver - tett ved grensa til Noreg. Bergartane i Finland er dei same som i Finnmark, så no held folket pusten. Kan det liggje skjulte skattar under den grøne, graskledda Finnmarksvidda? Prøveboringa er i gang, men kan nok ta tid. Gull ligg ofte og gøymer seg i gullårer, som kan vere svært vanskelege å finne.
Dollarteikn i auga
Gull er eit svært sjeldsynt metall og er difor mykje verdt. Mange har opp gjennom tidene prøvd å framstille gull på eiga hand, men så langt har ingen klart det. Men det er lett å skjøne at folk prøver seg. Eitt kilo gull er nemleg verdt 130 000 kroner. Er det rart at finnmarkingar går rundt med dollarteikn i auga?
Klondyke
Vel, ikkje alle er i gullrus. Mange samar som driv med reinsdyr, meiner at store maskinar vil øydeleggje beitemarker, og at alt bråket vil gjere dyra urolege. Men dei fleste meiner at det er plass til å drive både med gullgraving og reinsdyrhald. Medan ein ventar på det store gullrushet, kan ein alltids drøyme seg tilbake til gullgravartida og finne sitt eige Klondyke - også det i Finnmark!
Gullkorn
I nokre elvar kan ein faktisk vaske ut gull - men ein skal vere svært tålmodig for å bli rik. Du kjem langt med ei vaskepanne som du fyller med leire og grus, som du vaskar vekk, litt etter litt. Er du heldig, dukkar eit gullkorn eller to opp på botnen av panna. Du treng rundt 1000 gullkorn for å få eitt gram gull, så det heile blir nok mest for moro!
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-08
Sist endret: 02.06.2008