Klementinen - menneskets beste venn?

26. des 2008 06:00

Klementiner (Ingressbilde)

Sit du og kosar deg med ein klementin akkurat no, er du neppe åleine. Kvart år ét kvar nordmann rundt 50 klementinar, og dei fleste blir sett til livs no i desember.

Det er hunden som til vanleg blir kalla menneskets beste venn. Men no i juletider får han hard konkurranse, av nettopp klementinen. Den vesle oransje sitrusfrukta klarar å friste oss gong på gong, og stiller opp kvar vi enn er. Det er ikkje få av desse oransje lekkerbiskenane vi får i oss i løpet av jula.

50 klementinar kvar

Klementiner (Hovedtekstbilde)Klementinar på rekke og rad
Foto: Shutterstock

Kvar nordmann får i seg i snitt 50 klementinar årleg, og til saman ét vi over 200 millionar av dei. Legg ein alle desse klementinane etter kvarandre på ei rekkje, vil rekkja nå heilt til USA - og eit godt stykkje tilbake. Snakk om slukhalsar!

Mandarin eller klementin?

Mange trur at at klementinar og mandarinar er det same, og brukar namna litt hipp som happ. Sanninga er at du ikkje har fått mandarinar i norske butikkar på over 20 år. Sannsynlegvis har du som les dette aldri smakt ein mandarin i det heile!

Då klementinane pressa dei søtare og steinfulle mandarinane ut av butikkhyllene, såg dei så like ut at folk nesten ikkje merka forskjell. Mange kalla derfor også nykommarane for mandarinar.

Mandarin + pomerans = klementin

Det var den algierske munken Pierre Clément som fann opp klementinen. Han kryssa nettopp mandarinen med ei anna frukt, pomerans. Resultatat blei klementinen som var litt mindre søt enn mandarinen - og heilt fri for stein som pomeransen.

Mandarinen klarte aldri å vinne kampen mot den nye vidunderfrukta frå Algerie. I tillegg til å vere utan steinar, var klementinen også større og lettare å skrelle. Dessutan kunne ein etter kvart få ferske klementinar heile året.

Steinfri godbit

Bie (Hovedtekstbilde)Foto: Shutterstock

Over heile Europe ét folk klementinar, og ein passar også nøye på at klementinane er steinfrie. Faktisk er det ei lov mot at den vesle oransje godbiten skal ha fleire enn tre steinar. For i nokre klementinar kan du faktisk møte på steinar.

Det er dei arbeidssame biene som av og til rotar ting til. Når biene kjem for å samle frø frå blomstane til klementinane, har dei kanskje nettopp vore bortom ein sitron eller ei appelsin. Då kan det lett smitte over med steinar.

Men dette er eit unntak. Stort sett kan du kose deg med nesten garantert steinfrie godbitar - i heile jula.

Sist endret: 26.12.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?