Flaks med refleks
02. jan 2009 06:00
Det er ikkje alltid du som er sjefen over kroppen din. Av og til tar kroppen kommandoen sjølv. Han gjer ting på refleks.
Ofte kan det vere lurt å tenkje seg godt om. Men slett ikkje alltid. Legg du handa di på ei varm plate, bør du reagere så raskt du kan. Helst før du får tenkt deg om.
Handa er i trøbbel
Skal hjernen kontaktast, tar det for lang tid. Beskjeden om at handa di er i trøbbel må fraktast til hjernen. Hjernen må finne ut kva som skal gjerast og så må beskjeden tilbake. Kroppen har heldigvis funne ein raskare måte å ordne opp på, som garantert er betre for handa di.
Millionar av sanseceller
Person som leser blindeskrift
Foto: Shutterstock
I handflata fins det millionar av sanseceller. Desse hjelper deg til å føle korleis ting rundt deg er. Om dei er mjuke eller harde, varme eller kalde eller kanskje sløve eller skarpe?
Viss du brenn deg, sender cellene beskjedar gjennom kroppens telefonlinjer (nevronar) til ryggrada om kva som har skjedd. I hui og hast, med ein fart på rundt 300 km/timen fyk beskjedane rundt. Like fort som ein Formel1-bil.
Ryggrada har kokebok
Foto: Shutterstock
I ryggrada ligg ein tjukk nervebunt som får inn meldingar frå heile kroppen. Beskjedane går vanlegvis vidare til hjernen, men ikkje viss ting hastar ordentleg. Då har ryggrada ei eiga kokebok som ho kan bruke, med mange ulike oppskrifter. Der ligg også ei oppskrift som fortel kroppen kva han skal gjere viss du tar handi di på noko varmt.
Frå ryggrada blir det sendt ut beskjed til akkurat dei musklane som ein treng for å løfte vekk handa. Og dette går vanvittig raskt. 25 millisekund eller 1/40 av eit sekund tar det frå handa kjem bort i plata til du har fjerna ho. Før hjernen har oppfatta noko i det heile, er allereie faren avverga. Du har knapt hatt tid til å blinke med auga.
Refleks i staden for tankar
Små babyar er fødde med mange refleksar. Refleksane kan vere livsviktige for dei små krabatane. Den viktigaste av dei alle er sugerefleksen, og utan denne ville ikkje barnet få i seg mat. Babyane sug nemleg på det meste som nærmar seg munnen. Men dei får også hjelp på andre måtar.
Grip rundt alt
Ein baby grip rundt alt som kjem bort i handflata. Lar du dei små babyføtene kome i kontakt med underlaget, byrjar babyen å lage gangrørsler. Fell han bakover, slår han automatisk ut med armane. Og kjem babyen under vatn, slår ein lukkerefleks inn som stengjer nasen. Alt dette og mykje anna gjer kroppen heilt av seg sjølv.
Du er sjefen!
Når barnet blir større og tenkjer meir sjølv, koblar dei fleste av refleksane ut. Så i kroppen din er det nok stort sett du sjølv som er sjefen!
Sist endret: 02.01.2009