Opera med solbriller
15. sep 2008 05:00
Foto: Bård Løken/NN/Samfoto
På det nye norske operabygget er ein heil glasfasade dekt med solcellepanel. Dei hjelper til både med oppvarming og nedkjøling av praktbygget.
Sjølv om Noreg ikkje akkurat badar i sol, er vi langt framme på forsking på solenergi. Kvifor? Stikkordet er grunnstoffet silisium. Silisiumskiver som ein bruker i solcellepanela, er tynne skiver av krystallisert silisium. Silisium er eit grunnstoff som vi har tradisjonar for å utvinne, og vi har rikelege mengder av det i Noreg.
Miljøvennleg opera
Då ein la planar for det nye operabygget i Oslo, tenkte ein miljøvennleg. Heile sørveggen av bygget blei såleis dekt av enorme vindauge med solcellepanel. Når sola skin mot operaen, omdannar panela solstrålane til straum. Denne straumen blir brukt til å varme opp store delar av bygget. Samtidig verkar solpanela som enorme solbriller, slik at ein unngår at operaen blir som eit drivhus på varme sommardagar.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-08
Sist endret: 15.09.2008