Menneskets beste miljøvenn
03. sep 2008 05:00
Hunden er mennesket sin beste venn - også når det er snakk om miljø. Spesialtrena hundar brukar luktesansen til å hjelpe forskarar med å finne gode stader for vindmøller.
Noreg er velsigna med mykje nedbør og mykje vind. Regnet og snøen som fell, blir til vasskraft, medan vinden til no berre har blåst vekk.
Kvite kjempar
Har du besøkt nabolandet vårt, Danmark? Då har du sikkert lagt merke til klyngjer med kvite kjemper - nesten overalt. I Noreg er det ikkje eit vanleg syn enno, men ein legg no planar for å lage mange store vindmølleparkar langs den vindfulle kysten vår.
Men vindmøllene møter ofte motstand. Dei er opp mot 150 meter høge, har rotorblad med diameter på rundt 100 meter og lagar ulelydar som ein kan høyre mange hundre meter vekke.
Foto: 1-IMAGES.NOFolk tykkjer ikkje at dei passar inn i naturen, og ein må lage breie vegar ut til kvar av vindmøllene. Kjempene uroar både menneske og fuglar.
Miljøvenn
Spesialtrena hundar hjelper no forskarar med å finne gode stader for vindmøller. Til det brukar dei luktesansen. I nærleiken av enkelte vindmøller har hundar snusa seg fram til fuglar som har hatt ublide møte med store rotorblad.
Energi for framtida
Vindmøller er eit godt val når vi skal lage energien vi treng i framtida. Takka vere små, nysgjerrige hundar unngår ein at dei kvite kjempene hamnar på stader der sårbare bestandar av fugl kan kome til skade.
Solsikre fakta
- Sola har skapt alle fornybare eller reine energikjelder.
- Solenergi, vasskraft og vindkraft er døme på fornybar energi.
- Fornybar energi fører ikkje til utslepp av CO2.
- Berre 10 % av energien ein brukar i verda, er fornybar.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-08
Sist endret: 03.09.2008