Liv og leven under vatn

02. jun 2009 05:00

Gul og rød tangloppe som beiter på havbunnen (Ingressbilde) FOTO: STEIN JOHNSEN/SAMFOTO

- Dei bur i hus, lever eit familieliv og er reinhaldsarbeidarar, fortel Anne Helene Tandberg om dei ho forskar på. Viss du trur ho snakkar om menneske, tar du grundig feil. Anne Helene forskar på tanglopper!

Tanglopper høyrer til ei gruppe som forskarane kallar storkreps. I gruppa med storkreps finn ein også krabber, humrar, reker og krill. Dei fleste lever i saltvatn, og blir vanlegvis mellom 2 millimeter og 6 centimeter store, sjølv om det er funne kjempar på 30 centimeter! Tangloppene som Anne Helene Tandberg undersøkjer, er av slekta Metopa. Desse blir ikkje særleg større enn ein liten centimeter.

Havets insekt

- Vi kjenner til omtrent 10 000 ulike tangloppeartar, og kvart år oppdagar forskarane rundt 100 nye. I slekta eg undersøkjer, er det 50 artar, og eg har oppdaga éin ny, sier Anne Helene. - Vi kallar ofte tangloppene for "havets insekt". Dei har veldig lik kroppsbygnad og er ei stor og omfattande gruppe. Og dei ryddar opp på havbotnen ved å ete plante- og dyrerestar som fell ned. På denne måten er dei også havet sine reinhaldsarbeiderar!

Tangloppeforsker Anne Helen Tandberg ute på tokt (Hovedtekstbilde)Forskar Anne Helene Tandberg ute på tokt.
Foto: Anne Helene Tandberg
Anne Helene har fått i oppdrag å rydde opp i slekta. Ho finn ut om nokre artar er plasserte feil i Metopa-slekta, eller om ein art har feil beskriving.

- Noko som dyra i slekta "mi" har til felles, er til dømes forma på to av munndelane. Mange artar i slekta har berre blitt plassert der fordi ein meinte at dei passa godt, fortel forskaren. No dreg ho rundt på museum, studerer dei ulike typane og finn ut om dei er plasserte på rett stad.

Viktige dyr

- Tanglopper er veldig viktige for havet, seier Anne Helene. - Dei held reint ved å ete ting som er på havbotnen. Så blir dei sjølve etne av fuglar og fisk, og sørgjer dermed for at også andre dyr får mat. Vi veit enno lite om desse dyra, og då er det veldig spennande å finne ut meir om dei!

Yrande familieliv

Familielivet til tangloppene blei oppdaga heilt tilfeldig.

Tangloppe av Metopa-arten (Hovedtekstbilde)Tangloppe av Metopa-arten (Metopa Boeckii). Funne ved Svalbard, og 3 mm lang.
Foto: Anne Helene Tandberg
- Vi opna nokre skjel og på innsida var der eit yrande liv av tanglopper. På det meste var det 41 eksemplar inne i éit skjel! Det viste seg å være mor og to kull med barn. Eit tredje kull var óg på veg. I andre skjel var i tillegg pappa med.

- Skjela vernar tangloppene, og gir dei god tilgang på mat. Slik kan dei få mange barn, avsluttar Anne Helene, før ho held fram det omstendelege oppryddingsarbeidet blant dei små havdyra.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-08

Sist endret: 02.06.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?