Frisk med fisk

23. jan 2009 06:00

Liten fisk på steinbunn (Ingressbilde) Foto: S. Halsetrønning/NN/SAMFOTO

Lakseoppdrettarane i Hardanger har mjuke hender. Så mjuke hender at forskarar har interessert seg for dei i jakta på ungdomskjelda.

Etter lange arbeidsdagar utan hanskar i iskaldt vatn har fiskeoppdrettarar i Hardanger framleis mjuke hender utan sprekker. Har dei funne ungdomskjelda blant fiskeyngelen?

Enzym

Forskarar har interessert seg for hendene til desse lakseoppdrettarane. Sannsynlegvis er det eit stoff hos fiskeyngelen som gir dei barske mennene mjuke barnefingrar. Medan fugleungar hakkar seg ut av skalet med nebbet, brukar fiskelarvar eit enzym som heiter zonase.

Enzym er kroppen sine bodbringarar, og for larvane er zonase som dynamitt å rekne! Det hjelper dei med å sprengje seg ut av egget. Zonase blir laga i ei hinne rundt plommesekken og bryt ned stoff (protein) i eggeskalet utan at fiskelarven blir skadd. Forskarane samanlikna eggeskalprotein og proteinet i huda til menneske. Dei fann store likskapar. Kunne zonase bli brukt til å behandle øydelagd hud hos menneske?

Enzym og protein

Proteina er kroppen sine byggjesteiner. Men av og til kan eit protein ha rolla som handverkar. Då blir det kalla eit enzym. Enzyma er signalstoff som fer omkring og får ting til skje, utan at dei sjølve blir brukte opp.

Hudsjukdommar

Zonase har ein utruleg eigenskap. Enzymet kan skilje mellom friske og døde hudceller. For mange med hudsjukdommar er dette svært viktig. Når dei skrubbar vekk døde hudceller yttarst, fjernar dei ofte dei nye, friske hudcellene i tillegg. Zonase bryt ned dei døde hudcellene, og let dei nye, friske cellene vere i fred.

Halde på vatnet

Enzymet treng vatn for å kunne verke. I vanleg fuktkrem fordampar vatnet raskt når ein smør kremen på huda. No jobbar forskarane med å få kremen til å halde på vatnet, slik at enzymet kan jobbe også etter at ein har smurt seg inn.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-08

Sist endret: 23.01.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?