Plankton i varmt polhav

06. mar 2009 07:00

Encellet planktonalge Eincella planktonalge. FOTO: SPL/GV-PRESS

Når det blir varmare og mindre is rundt Nordpolen, kan plankton og andre planter og dyr møte ein natur som er annleis enn den dei er vane med. Forskarar er i gong med undersøkjingene.

Om våren blomstrar plankton opp i havet rundt Nordpolen. Slik blir det skapt enorme mengder med mat for fisk og andre dyr. Plankton er små planter og dyr som lever i havet. I 1 liter havvatn finst det mellom 10 millionar og 20 millionar plankton.

Utan mat

Mange stader i naturen skjer tinga i takt. Slik har dyr og planter tilpassa seg kvarandre gjennom tusenvis av år. Men kva skjer når klimaet blir varmare? Nokre dyr er vane med å finne masse mat til dei nyfødde ungane sine på ei spesiell tid på våren. Viss blomstringa av plankton alt er ferdig, kan dei plutseleg stå utan mat.

Føreseier utviklinga

Når det no blir varmare og mindre is rundt Nordpolen, kan plankton og andre planter og dyr møte ein natur som er annleis enn den dei er vane med. Dette skal forskarar ved Universitetssenteret på Svalbard undersøkje. Slik kan forskarane kanskje hjelpe oss til å føreseie utviklinga framover.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 2-08

Sist endret: 06.03.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?