Æresnysgjerrigper

Æresnysgjerrigper, logo (Ingressbilde)

Thor Heyerdahl blei kåra til verdas første Æresnysgjerrigper i 1995. I høve Nysgjerrigperbladets 15-års jubileum kårar vi hausten 2008 ein ny. Fram til 10. oktober kunne Nysgjerrigpers brukarar nominere inntil tre personar - og bli med i trekninga av flotte premiar!

Ein nysgjerrigper er ein person som undrar seg på ting rundt seg. Han veit at det er viktig å stille spørsmål og gjere sine eigne undersøkingar.

Ein Æresnysgjerrigper

Thor Heyerdahl, Æresnysgjerrigper

Vår einaste Æresnysgjerrigper til no, Thor Heyerdahl, var arkeolog, oppdagar og vitskapsmann. Mest kjent er han for dei vågale flåtereisene med Kon-Tiki, Tigris og Ra, og for at det var han som oppdaga steinstøttene på Påskeøya. Heyerdahl var nysgjerrig på ting rundt seg - og det førte han rundt til alle verdshjørne.

Nominere tre personar

Kven synest du fortener tittelen Æresnysgjerrigper? Du kan foreslå kven du vil; kjente og ukjente, nokon du har lest eller høyrt om eller nokon som du har møtt.
Personane som du nominerer treng ikkje å ha vore rundt omkring i verda og gjort oppdagingar. I tillegg til å fortelle oss om kven du vil ha som Æresnysgjerrigper, må du også forklare kvifor akkurat dine personar fortener tittelen. Det einaste vi krev er at personen må vere ein ekte person, og at han må leve i dag.

Teikne favoritten din

Viss du har lyst til å vise oss korleis ein ekte Æresnysgjerrigper ser ut, kan du sende oss ei teikning av ho eller han. Lag ei spennande teikning, scann eller ta digitalfoto av teikninga og lever ho inn saman med nominasjonane dine. Det er eigne premiar for dei som både nominerer og lagar teikningar!

Start med å nominere!

Fristen for å nominere dine kandidatar til Æresnysgjerrigper har gått ut - følg med på nettsida vår for å sjå kven det blir!

Flotte premiar!

Vi plukkar ut fem heldige vinnarar blant dei som nominerer kandidatar til Æresnysgjerrigper-tittelen innan fristen 10. oktober 2008. Desse får kvar sin gåvepakke med flotte premiar frå Nysgjerrigper. I pakken finn du mellom anna Ein-O utforskartube, t-skjorte, cap og Nysgjerrigper-bok.

Lykke til!

Sist endret: 05.05.2008

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?