Sudoku-vinnarar er kåra
27. sep 2007 00:00
I dag presenterer vi dei heldige og dyktige vinnarane av Nysgjerrigper sin nettsudoku. Vinnarane kan vente seg hyggjelege overraskingar i posten!
Mange prøvde seg på nettsudokuen vår før fristen forrige fredag og mange hadde også klart å stokke tala riktig. Vi takkar alle for innsatsen!
To vinnarar for kvart brett
Vi har plukka ut to vinnarar frå kvar av kategoriane; junior og senior. Emre Austadal Aabrekk (7 år) og Emma Grønvold (11 år) leverte riktige brett og gjekk av med sigeren i junior-klassen. I senior-klassen var det Espen Lier (10 år) og Hennie Lilleby (12 år) som vart trekte ut som vinnarar.
Fleire sjansar
For dei utålmodige kan vi opplyse om at nye brett allereie ligg klare på nettet! Også denne gongen kan ein velje mellom junior- og senior-brett. Dersom ein treng litt trening, kan ein starte å øve seg på junior-bretta og gå over til dei litt vanskelegare senior-bretta etter kvart.
Husk fristen
Frist for innlevering av neste sudoku er fredag 12. oktober. Dersom du tykkjer at det er kjekt å løyse Nysgjerrigper sine sudoku-brett, er det kjekt om du tipsar andre om det.
Lukke til med hjernetrimmen – kanskje er det du som blir trekt ut som vinnar neste gong?
Sist endret: 27.09.2007