Nysgjerrigper-dag i Bodø

24. sep 2007 23:00

Barneforskerdagen Bodø, Forskningsdagene 2006, kråkeboller, mikroskop, Nysgjerrigper, Foto: Mariann Meby

På Høgskolen i Bodø blir det Nysgjerrigper-dag på onsdag med lokale forskarar så langt auga rekk. Årets program lokkar med ein båtsimulator for ekte kapteinar og kjemiske overraskingar.

I fjor fekk hundrevis av barn sjølve vere forskarar og prøve alt frå blodprøvetaking til krabbekjæling. I år er det nye, spennande utfordringar som står for tur. Dei heldige som er inviterte til arrangementet er alle 6. klassene i nærleiken av Høgskolen.

Ulike forskingsstasjonar

Rundt omkring blir det ulike stasjonar der ein kan forske saman med ekte forskarar. Ein kan utføre kriminaltekniske undersøkingar saman med politiet, artsbestemme dyr eller sjå på ein film i 3D. Har du ein draum om eit liv på havet, kan du lære deg å styre ein hurtigbåt – i ein ekte simulator.

Møt ein ekte Nysgjerrigper

I konkurransen Årets Nysgjerrigper har Neverdal skole gjort det godt. I fjor forska dei på kvifor bæsjen er brun, og i år lurte dei på kvifor Alfabeta lukta så rart. Dei har mottatt prisar for begge prosjekta. På Nysgjerrigper-dagen vil lærar Kjersti Gjøviken fortelle om korleis ein kan drive ekte forsking i skulen!

Kjekt å forske

Målet med dagen er å få barn interessert i forsking og gjere skulen til ein tumleplass for forskingsaktivitetar. Ulike Nysgjerrigper-blad med mange interessante artiklar om forsking og kule eksperiment blir delte ut rundt omkring på Høgskolen. Kanskje blir du biten av forskingsbasillen og lagar deg eit lite laboratorium heime?

Nysgjerrigper-dagen er eit samarbeid mellom Nysgjerrigper og Kunnskapsparken i Bodø, og er ein del av dei landsomfattande Forskingdagane.

Sist endret: 24.09.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?