Jobb som DNA-etterforskar!
11. sep 2007 23:00
I alvorlege kriminalsaker finn ein ofte gjerningspersonen ved hjelp av DNA-analyse. I Nysgjerrigper-teltet på Forskningstorget i Oslo får du jobbe som DNA-etterforskar!
Mange dyr held på å døy ut, og viss dei forsvinn, får vi dei aldri tilbake. For isbjørnen sin del blir det stadig vanskelegare å overleve. Ved hjelp av teknologi er ein no i stand til å lage nøyaktige kopiar eller klonar av utryddingstrua dyr. Er dette ein god måte å føre ein dyreart vidare på?
Isbjørnungane blir sjuke
|
Nysgjerrigper-teltet |
||||
|
Saman med Nysgjerrigper finn du: Nysgjerrigper med vener diskar opp med spennande eksperiment og opplevingar på Universitetsplassen, 21. og 22. september 2007. |
||||
Svaret er eit bestemt nei. Dersom både isbjørnfar og isbjørnmor har blitt klona frå nokre få dyr vil dei også ha mange av dei same sjukdomsgena. Sjansen er derfor stor for at isbjørnungane deira blir sjuke.
Klonar har same DNA
Arvestoffet til menneske blir kalla DNA. På same måte som alle menneske har ulike fingeravtrykk, er også DNAet til kvart menneske og dyr unikt. Unntaka er einegga tvillingar og klonar som har samme DNA.
Jobbe som etterforskar
I Nysgjerrigper-teltet får du vere etterforskar! Ved å nytte deg av same metodar som ekte etterforskarar, skal du finne ut om isbjørnar har blitt klona.
Du kan lese meir om DNA og kloning på nysgjerrigper.no. Søk i arkivet!
Sist endret: 11.09.2007