Nye sudoku-vinnarar

17. okt 2007 00:00

Sudokubrett, Nysgjerrigsudoku (160 px) FOTO: Shutterstock

I dag premierer vi to nye talkunstnarar. Heldige og dyktige sudokuvinnarar får flotte premiar i posten.

Mange prøvde seg på nettsudokuen vår før fristen gjekk ut på fredag, og mange klarte óg å plassere dei 81 tala i dei rette rutene. Nysgjerrigper gratulerer alle som klarte å stokke tala riktig!

Premiar i posten

Vi har plukka ut éin vinnar frå kvar av kategoriane; junior og senior. Elin Aschim Ringstad (9 år) gjekk av med sigeren i junior-klassen, og blant seniorane var det Stig Henning Fredheim (16 år) som trekte det lengste strået. Begge får flotte premiar frå Nysgjerrigper i posten.

Nye brett - nye sjansar

Nye brett ligg no klare på nettsidene våre. Dersom du vil løyse og levere inn både junior- og seniorbrettet, kan du godt gjere det. På den måten blir jo sjansane for at du vinn endå større!

Husk fristen

Frist for innlevering av neste sudoku er fredag 2. november. Dersom du tykkjer at det er kjekt å løyse Nysgjerrigper sine sudoku-brett, er det kjekt om du tipsar andre om det.

Lukke til med hjernetrimmen – kanskje er det nettopp du som blir trekt ut som vinnar neste gong!

Klikk her for å gå til dei nye sudoku-bretta

Sist endret: 17.10.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?