Dolkhalekrabba

11. jun 2009 06:00

Dolkhalekrabba er utvaksen først mellom 9 og 12 år. Få overlever til dei er vaksne, men dei som blir vaksne lever i 20 år eller meir. Det gjev dei mange år til å føde mange barn.

Dolkhalekrabbe, underfra. FOTO: TERJE STENSTAD, NYSGJERRIGPER 4-07Den spisse halen til Dolkhalekrabba roterer alle vegar, men er ikkje eit våpen. Krabba bruker han til å pløye seg gjennom sand og mudder, og for å snu seg viss ho skulle hamne opp-ned. FOTO: Terje StenstadKrabba har sju par med føter (dei fleste med klør). Klørne brukar ho til å bevege seg og samle og ete mat. Ho ét helst om natta, mellom anna blautdyr og skjel. 

Mjuk på innsida

Som mange dyr med hardt skal, må dolkhalekrabba kvitte seg med skalet medan ho veks.

Når det gamle skalet sprekk, kryp krabba ut av skalet. Det tar 24 timar før det nye, blaute skalet hardnar. Krabba blir 25–30% større for kvart skalskifte.

Gjestfri

Dolkhalekrabba er eit omreisande hotell med mange skapninger som lever på skalet - mellom anna muslingar, skjel og bakteriar. Haikarar som sopp og bakteriar ét seg gradvis gjennom skalet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 4-07

Sist endret: 11.06.2009

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 56/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?