Desembernatt i Tromsø

29. nov 2007 06:00

desembernatt, mørketid

I morgon kveld oppfordrar vi alle tromsøværingar til å droppe gullrekka på NRK og kome seg ut av godstolen. Tromsø museum opnar nemleg dørene og inviterer til kunnskap, kreativitet og kos. Arrangementet har dei kalla for Desembernatt, og dørene stengjer ikkje før midnatt!

For tredje året på rad inviterer Tromsø Museum til feiring av mørketida. Dørene opnar klokka 18 og stengjer rundt midnatt. På vegen heim får du med deg vakre tonar frå Sandnessund blandakor.

Tur i kjellaren

Formidlingsleiar ved museet Ola Graff forventar storinnrykk til arrangementet. Han fortel om eit breidt tilbod til vaksne og barn - og poengterer at arrangementet er gratis! -Vi vil opne magasinet i kjellaren, og folk kan studere ei mengde gjenstandar som ikkje er utstilte. Rundt 99% av gjenstandane vi har, er å finne i kjellaren!

seigmannkoden, wonders 165px. Foto: Sidsel Floch BackmannDNA-modell av seigmenn. Foto: Sidsel Floch Backmann

DNA-laboratorium

Kva er det første du tenkjer på når du ser ein seigmann? Ja, nettopp! Du puttar den nok raskt i munnen. På DNA-laboratoriumet skal du bruke seigmennene til noko heilt anna - til å lage spennande DNA-modellar! Dessutan får du trekke ut DNA frå grønsaker ved hjelp av stavmiksar, såpe og kald sprit!

Juleverkstad

Utfordringane står i kø - så ta med deg kreativitet og skaparglede! Du får lage ditt eige julesnop, vakre juleenglar, flotte plakatar eller kule buttons. Trenger du litt påfyll i magen undervegs, kan du kose deg med litt ekte julegraut eller ein kopp gløgg!

Forskarar på løpande band

Forskarar kjem til å underhalde publikum med 15 minutt lange foredrag. Har du spørsmål til forskarane, kan du stille dei etterpå. Du får mellom anna høyre om "Då Andøya var Arktis", "Musikk i Steinalderen" og om "Plantevepsens underlege verd".

På heimesidene til Tromsø Museum finn du ei fullstendig oversikt over programmet under Desembernatta.

Himmelsk dag ved museet på søndag

Søndag blir det astronomidag ved Tromsø Museum. Museet held då ope frå 11 til 16. Vil du sjå stjerner innandørs, kan du gjere det i ”Stjernehola” til Nordnorsk vitensenter. Stjerner til å ta med heim kan du lage i stjernefabrikken med god hjelp frå Nordnorsk vitensenter sine stjerneguidar. Dersom veret er klart, kan du også studere stjernehimmelen gjennom teleskop!

Sist endret: 29.11.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 56/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?