Iskald bankboks

17. jun 2007 23:00

Ein iskald "bankboks" på Svalbard skal bli lager for frø frå tre millionar matvareplantar frå heile verda. Frølageret gjer at bønder også i framtida kan så med rett type frø. Lageret blir bygd inne i fjellet rett utanfor Longyearbyen.

Svalbard, FOTO: Svein Holo/NN/Samfoto, NYSGJERRIGPER 2-07FOTO: Svein Holo/NN/Samfoto Før i tida vart det brukt svært mange forskjellige frø i landbruket. Slik er det ikkje lenger. I dag kjøper mange bønder frø med heilt like eigenskapar. Då er faren stor for at frøa til svært mange matplantar går tapt.

Klimaendringar

Problemet er: Skjer det endring i klimaet, må bøndene kanskje bruke andre typar frø. Det er derfor viktig å bevare matplantar med forskjellige eigenskapar. Då har også barnebarna dine dei beste sjansane til å dyrke mat.

Genbankar

I dag blir det lagra frø i lokale genbankar over heile verda. Problemet er kva som skjer viss ein genbank blir øydelagd i brann, krig eller naturkatastrofe. Då er frøa tapte. For å sikre plantane for etterkomarane byggjer Noreg eit sikkerheitslager for alle matfrøa i verda. Blir frøa øydelagde lokalt, kan genbankane kome og hente frøa sine på Svalbard.

Alltid minusgrader

Svalbard er svært eigna fordi det alltid er minusgrader i bakken. Nedfryste frø kan overleve i mange tiår. Alle frøa vil regelmessig bli testa og bytte ut. Då er ein sikker på at det alltid er nok frø med god kvalitet i frøbanken.

Gåve frå Noreg til verda

- Dette er ei gåve frå Noreg til det internasjonale samfunnet, fortel prosjektleiar Nina Due i Landbruks- og matdepartementet.

Nysgjerrigpers nettbanner for Polaråret, utklippet 2007/08 er Det internasjonale polaråret. I neste utgåve av Nysgjerrigper følgjer det med eit vedlegg om polarforsking.

Publisert i Nysgjerrigper 2-07

Sist endret: 17.06.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?