Verdas auge mot Ishavsbyen
04. jun 2007 23:00
Verdas miljøverndag har vore eit årleg verdsomspennande arrangement sidan 1972, og blir i år markert i over 100 land. Knapt noko arrangement er viktigare og interessa aukar for kvart år som går. I år er det vesle Tromsø som skal vere hovudsete for arrangementet.
Tromsø er kanskje ikkje verdas geografiske navle, men når ein snakkar om polarforsking er byen absolutt verdt å nemne. Dei polarvitskaplege miljøa ved Universitetet i Tromsø og ved Norsk Polarinstitutt er blant dei beste i verda. Dessutan har Tromsø ei viktig polar historie. Då Roald Amundsen drog ut på sine reiser mot Nordpolen, var det nettopp Tromsø han reiste ut ifrå.
Is som smeltar - eit hett tema
Verdas miljøverndag er kanskje ein av dei lengste og viktigaste dagane vi har. I år varer dagen i ei heil veke. Veka er fylt med arrangement som tar føre seg issmelting og oppvarming av jordkloden. "Is som smeltar - eit hett tema" er slagordet i år. Av kjende personar som kjem til Tromsø for å diskutere miljøet vårt, kan vi nemne Gro Harlem Brundtland og leiaren av FN sitt klimapanel, Rajendra K. Pachauri.
Jorda blir varmare
Is og snø reflekterer mykje av sollyset, og kjøler dermed ned jorda. Når snøen forsvinn, vil jorda ta til seg meir og meir sollys og ho blir varma opp. Dette vil så føre til at meir og meir is smeltar. Vi kjem inn i ein vond sirkel som det blir vanskeleg å kome seg ut av.
Katastrofale følgjer
Viss isen smeltar kan det få katastrofale følgjer. I polare område kan isen trekke seg tilbake og det blir vanskeleg for dyr og menneske å leve der. Mange menneske bur ved store elvar som renn frå fjell med mykje snø. Dersom det blir mindre snø i til dømes Himalaya og Andes vil elvane bli mindre og kanskje forsvinne heilt. Ein får ikkje vatn til å drive jordbruk, og plante- og dyrelivet kan forsvinne over store område.
Dei svake blir svakare
Nok ein gong er det dei svakaste blant oss som får det verre. Vi som bur i Noreg kan i ein periode få fordelar av klimaendringane. Når vi i Norge gledar oss over kortare vintrar og lengre somrar bør vi tenke på alle dei som får det vanskelegare. Øybuarar og menneske som lever i elvedelta vil til dømes ikkje takle at vatnet stig.
Ikkje berre i Tromsø
I tillegg til arrangementa i Tromsø blir det både nasjonale og internasjonale arrangement heile første veka i juni. Av spennande arrangement verda over kan vi nemne treplanting, resirkulerings- og oppryddingskampanjer, gateløp og sykkelparader. Kanskje finn du sjølv ut din eigen måte å markere dagen på?
Les om andre arrangement under Verdas miljøverndag på wed.npolar.no.
Sist endret: 04.06.2007