Ein nysgjerrigper rundar 300 år
23. mai 2007 00:00
I dag feirar vi ein av dei verkeleg store nysgjerrigperar som verda har fostra. For 300 år sidan kom Carl von Linné til verda i Småland i Sverige. Linné innførte eit system som gav plantar og dyr på jorda vitskaplege dobbeltnamn.
Carl var ein skikkeleg nysgjerrigper då han voks opp. Han undra seg over alt han såg rundt seg, og han masa og stilte far sin spørsmål om alt mellom himmel og jord. Som ein annan kjent vitskapsmann, Einstein, var nok ikkje Carl noko skulelys. Han hadde derimot ei enorm interesse for naturen med alle plantane og dyra, og stakk ut i skogen i alle ledige stunder.
Dikta sitt eige etternamn
Begge foreldra ville helst at Carl skulle bli prest, men under tvil fekk han lov til å studere medisin. Det var ikkje så vanleg med slektsnamn på den tida. Faren heitte Nils Ingemarsson, og var kalla opp etter far sin Ingemar. Då Carl starta på medisinstudiet kalla han seg ikkje Carl Nilsson, men lot seg inspirere av det store lindetreet heime på garden. Carl Nilsson Linneaeus kalla han seg, og Linneaeus var ein latinsk variant. Seinare vart Carl adla, og då fekk han etternamnet von Linné.
Linneanske tidsperiode
Tidsepoken innanfor vitskapshistorien kallar vi den linneanske. Sjølvsagt kalla opp etter nettopp Carl von Linné. På denne tida var det ikkje noko godt system for å ordne og sortere dyr og plantar i naturen. Ofte fekk plante- og dyreartar latinske namn, men desse kunne vere forskjellege frå land til land. Carl von Linné laga eit system der alle levande organismar fekk vitskaplege dobbeltnamn med etter- og førenamn.
Ordna opp i rotet
Mange hadde prøvd å skildre artar før Linné gjorde det, men det var dessverre litt for mange kokkar og dermed litt for mykje søl. Mange artar var skildra mange gongar med ulike namn kvar gong. Linné hadde derimot ein skikkeleg vårvask, og ordna opp i rotet. Han gjorde ikkje arbeidet åleine. Studentane hans, 17 i talet, reiste rundt og samla inn vitskapleg materiale frå heile verda. Linné kalla ofte studentane for apostlar, og for å ære dei kalla han opp mange av planteslektene etter dei.
1,8 millionar artar
Linné signerte alle organismane som han ga namn til. Bak alle namna står det ein "L". Då skjønar vitskapsmenn rundt om kring i verda at det var Linné som laga namna. Då Linné døde hadde han skildra 8000 plantar og 6000 dyr. Han meinte då at han hadde skildra rundt halvparten av alle artane på kloden. Til no er det skildra rundt 1,8 mill artar og enno er det mange att! Om han ikkje dekka inn halvparten av artane, laga han i alle fall eit system som ein langt på veg nyttar seg av enno.
Sist endret: 23.05.2007