På veg mot Robo Sapiens?
05. jun 2007 23:00
På Forskningstorget i Oslo i 2005 kunne ein besøke eit laboratorium, og fortelje om kva tankar ein hadde om framtida. Dette har det no blitt laga film av. Filmen "På vei mot Robo Sapiens" viser kva ein ved hjelp av framtidsteknologi kan gjere med menneskekroppen og i tillegg reaksjonar frå barn og vaksne.
I framtida vil ein sannsynlegvis kunne bytte ut dei fleste delane av menneskekroppen. Kanskje kan vi laste innhaldet i hjerna over til ei datamaskin og leve for alltid i ei elektronisk verd? Kor mykje av kroppen kan vi eigentleg bytte ut, og framleis vere oss sjølve?
Film til ettertanke
Filmen tar opp spørsmål som vi kan støyte på etter kvart som det blir utvikla ny teknologi. Vi håpar at filmen set i gang tankane dine. Kanskje får du lyst til å lage din eigen framtidsfilm, og vise den til dine eigne barnebarn om ein del år? Eller kanskje får du lyst til å diskutere framtida med venner eller ha ein filosofisk samtale i klassen? Sjå "På veg mot Robo Sapiens" - og la deg inspirere!
Klikk på biletet til venstre for å starte filmen.
Foresight
Filmen vart spela inn i Framtidslaboratoriet i Nysgjerrigper-teltet under Forskningstorget i Oslo i 2005. Filmen er laga på oppdrag av og med støtte frå Noregs forskingsråd på bakgrunn av arbeidet med foresight.
Sist endret: 05.06.2007
