Klissete forsking i finalen

16. jul 2007 00:00

Seigmenn. Nysgjerrigperprosjekt 2007.

Seigmenn er nokre merkelege krabatar. At dei fins i ulike smakar og ulike fargar veit dei fleste. Men visste du at dei både kan vekse og krympe i tillegg?

Elevar ved Eiksmarka skole forska seg til finalen i Årets Nysgjerrigper 2007. Dei lurte på kvifor seigmenn blir større i kaldt og lunka vatn og borte i varmt vatn.

Endrar dei storleik på grunn av vatnet dei ligg i eller fordi dei har sukker på utsida? Er der kanskje eit stoff inne i seigmennene? Elevane hadde mange forslag, og starta med grundige undersøkingar.

Seigmennene kan smelte

Ligg ein seigmann lenge i vatn, vil den vekse og vekse, og til slutt få mugg på seg. I zalo blir seigmannen mindre, men i olje skjer det ingenting. Etter mange eksperiment konkluderte elevane med at det er gelatinen som gjer at seigmennene endrar storleik. Er vatnet varmt nok vil til og med seigmennene smelte!

Du kan lese meir om prosjektet her!

Sist endret: 16.07.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?