Fisk i alarmberedskap
23. mar 2007 06:00
Ein liten fisk passar på drikkevatnet til millionar av amerikanarar. Fisken varslar viss noko er gale med vatnet.
Blågjella solåbor sørgjer for at millionar av amerikanarar får trygt vatn. FOTO: SPL/GV-PRESSFerskvassfisken blågjella solåbor er så liten at han får plass i handa til eit vakse menneske. Fisken blir brukt av den amerikanske hæren for å overvake drikkevasskjelder i fleire av dei største byane i USA. I motsetning til sensorar (følarar) som er laga av menneske, reagerer denne åboren på mange kjemiske stoff. Fisken oppdagar raskt viss slike stoff blir sleppte ut i vatnet han lever i.
Fisk mot terror
Etter terrorangrep mot USA krev amerikansk lov at alle drikkevasskjelder må overvakast. Den vesle åborfisken blir halden i akvarium der drikkevatnet strøymer til før det blir reinsa og tilsett klor. I akvaria er det montert utstyr som overvaker måten fiskane pustar på. Begynner fiskane å få pusteproblem eller oppføre seg rart, blir det slått alarm før vatnet når fram til springen til folk.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-07
Sist endret: 23.03.2007