Dyrisk sjalusi
29. aug 2007 00:00
Tenk deg at kameraten din brått finn seg ein ny bestevenn. Det kjennest ikkje noko godt, og du blir sjalu. No har forskarar funne ut at ikkje berre menneske blir sjalu. Hundar blir faktisk minst like sjalu som vi.
Dei fleste forskarar er einige om at dyr har kjensler. Dei føler sinne, redsel, overrasking - og sjalusi. FOTO: GV-PRESSDei fleste forskarar er einige om at dyr har kjensler. Dei føler sinne, redsel og overrasking. Forskarane meiner dette er enkle kjensler som er viktige for at dyra skal overleve. Sinne får dyr til å forsvare områda sine, og redsel fortel dei når dei skal flykte.
Til no har forskarane trudd at hundar, kattar og hestar ikkje føler så mykje meir enn dette. Dei trudde berre menneske og kanskje sjimpansar kunne oppleve samansette kjensler som sjalusi, stoltheit og flauheit. Ifølgje den engelske forskaren Paul Morris er det kanskje ikkje så enkelt.
Forbausande kjensler
Morris bad tusen husdyreigarar fortelje om kva kjensler dei meinte dyra hadde. Nesten alle dyreeigarane fortalde om enkle kjensler som sinne og redsel hos dyra sine. Det var mykje færre som hadde lagt merke til kjensler som sjalusi og stoltheit. Men overraskande nok var det også unntak frå regelen, spesielt hos hundane.
- For eksempel sa folk at hunden deira var sjalu, like ofte som dei fortalde om sinne og frykt. Vi ville finne ut kvifor dei meinte dette, fortel Morris.
Sjalu på vennene til eigaren
Morris intervjua 40 hundeeigarar om kvifor dei meinte hundane deira var sjalu. Dei fleste fortalde at hunden vart sjalu når hunden, eigaren og eit anna menneske eller dyr var i same rom. Viss hunden syntest eigaren viste for mykje interesse for den andre, vart han sjalu.
- Så spurde vi korleis hunden reagerte. Dei fleste svarte at hunden prøvde å presse seg imellom, eller dytte unna den andre personen, fortel Morris.
Veit ikkje kva hunden føler
Morris seier at vi ikkje kan vite noko om akkurat kva hunden føler. Sjalusien hundar opplever, er nok heller ikkje heilt det same som den vi menneske føler. Morris meiner likevel det liknar nok til at det kan kallast sjalusi.
Nyttig i naturen
Eit sjalu hanndyr vil passe på maken sin, slik at berre han får pare seg med henne. Dermed kan sjalusien også vere nyttig for dyra. For eigarane er han nok mest irriterande.
Publisert i Nysgjerrigper nr. 1-07
Sist endret: 29.08.2007