Årets vakraste astronomiske eventyr
02. mar 2007 06:00
For folk med interesse for verdsrommet, står høgdepunkta i kø i helga - vel og merke viss vêret held seg bra. Natt til fredag gøymer Saturn seg bak Månen, og laurdag kveld blir Månen mørklagd og forsvinn frå nattehimmelen. Alt du treng for å ta del i hendingane er ein vanleg kikkert!
Det kan vere lurt å vere utkvild til helga, slik at du toler nokre timar søvn mindre enn du er van med. Spennande astronomiske hendingar tek nemleg ikkje omsyn til om ein vil sove eller ikkje.
Mellom sol og måne
Laurdag kveld kjem jorda mellom sola og Månen, og Månen blir dekka av skuggen frå jorda. Dette vil skje gradvis frå kl. 21.18 og utover. Frå kl. 23.45 og i vel ein time framover vil månen vere nesten heilt mørklagd.
Knut Jørgen Røed Ødegård skildrar måneformørkingar som eit av dei flottaste naturfenomena vi har. Månen vert sjeldan heilt borte, men får gjerne grålege eller raudlege fargetonar undervegs.
Saturn går i dekning
Er det flott, klart vêr når du går til sengs torsdag kveld, kan det vere ei stor oppleving å ta ei sovepause rundt kl. 3 om natta. Då kan ein vere vitne til ein okkultasjon. Okkultasjon kallar ein det når ein planet eller ei stjerne gøymer seg bak Månen.
Bur ein midt i landet, byrjar Saturn på turen kl. 03.01. I Oslo tek det heile til 12 minutt seinare. I omlag 40 minutt vil kjempeplaneten vere skjult bak Månen. Med ein vanleg kikkert kan ein sjå både planeten og dei vidgjetne ringane.
Markering på Blindern
For dei som har lyst til å ta del i ei litt større markering, blir der eit stort samkome på Blindern i samband med formørkinga laurdag kveld. Må ein halde seg innandørs kan ein besøke nettsidene til astronomi.no. Der kan ein sjå ei levande overføring får hendinga.
Ha ei spennande, astronomisk helg!
Kjelder: www.aftenposten.no, NTB og www.astro.uio.no
Sist endret: 02.03.2007