Væpna til tennene

19. sep 2007 23:00

Kvithaien blir rekna som det skumlaste rovdyret i havet i dag. Han blir likevel berre ein pusling i forhold til denne fisken. Her er den grufulle fetteren som utløyste skrekk og gru i havet for 400 millionar år sidan!

Dunkleosteus terrelli. Monsterfisk. ILL: SPL/GV-PRESS, NYSGJERRIGPER 3-07Dunkleosteus terrelli hadde det kraftigaste bitet til nokon fisk som har levd. Det er rettnok 400 millionar år sidan den ti meter lange fisken utgjorde ein trussel. ILL.: SPL/GV-PRESS

Viss tanken på hai er skremmande, har du ikkje høyrt om Dunkleosteus terrelli. Fisken ville garantert ha vore det sjødyret du hadde minst lyst til å støyte på under badeturen. Men det er heldigvis lenge sidan han regjerte i havet. Rovfisken levde i devontida, for 417 til 354 millionar år sidan. Den gongen dominerte denne og andre panserfiskar havet.

Tungt væpna

Dunkleosteus hadde ikkje skikkelege tenner. I staden var han utstyrt med eit veldig bit med knivskarpe plater. Fisken kunne opne munnen lynraskt - på utrulege fem tidelar av eit sekund! - noko som gav han ei utruleg sugekraft til å suge fast offeret i kjeven. Og kjeven lukka seg like raskt som han opna seg. Trykket og krafta frå kjeven har forskarane berekna til 500 kilo. Vanlegvis har ein fisk anten eit kraftig eller eit fast bit, men dette monsteret hadde begge delar. Det er eit av dei kraftigaste bita hos noko dyr som har levd.

Berre slått av T. rex

Amerikanske forskarar har funne ut at skrekkfisken hadde kraftigare bit enn det store alligatorar og dinosaurar hadde. Han slo rettnok ikkje T. rex, som kunne knase i seg eit måltid med omtrent 1500 kilos kraft. Men knusebitet til Dunkleosteus er meir enn dobbelt så kraftig som bitet til hyenen som lever i dag. For hyenen er det inga sak å pulverisere bein med kjeven.

Beinharde offer

Kva skulle så rovfisken med eit så kraftig bit? Forskarane som har studert fossil frå havdyr frå devontida, meiner Dunkleosteus trong krafta fordi offera hadde beinhard "innpakning". Dette var symjande, raske dyr som også gjerne var kledde i panserdrakt, og muslingar og skjel - som ein måtte ha kraftige kjevemusklar for å fortære.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 3-07

Sist endret: 19.09.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?