Samarbeid for betre ver
29. okt 2007 00:00
Storm og uver er vanlegare i nordområda enn andre stader. Derfor er gode vervarsel spesielt viktige her.
Vervarsla skal bli betre i nordområda. Det vil mellom anna komme turistar og eventyrarar til gode. FOTO: GV-PRESS
Veldige stormar kan herje hav og land rundt Nordpolen. Andre gonger kan tåka liggje tjukk, eller det kan snø i dagevis.
Veit for lite i dag
Dei siste tiåra har meteorologane vorte veldig flinke til å varsle veret for dei nærmaste dagane. Men i Arktis er vervarsla framleis for dårlege. Det kjem av at meteorologane her har få observasjonspostar som forklarer korleis veret utviklar seg. Det kjem også av at dei som skal varsle veret, rett og slett veit for lite om ver og vind i nordområda.
50 forskarar, dei fleste av dei frå Noreg, samarbeider no for å lage betre vervarsel i Arktis. Det viktigaste er å bli flinkare til å varsle storm og uver.
Behov for vervarsling
Stadig fleire menneske oppheld seg i Arktis, mange som turistar. Samtidig har både Noreg og andre land begynt å hente opp olje og gass frå havet i nordområda. Meir skipsfart er det óg blitt. Alle desse treng å vite korleis veret blir, og om det er uver i sikte.
Ballongar i atmosfæren
For å finne ut meir om veret rundt Nordpolen skal forskarane sleppe ballongar med meteorologiske instrument opp i atmosfæren. Dei skal også sleppe ut bøyar i havet - bøyar som kan måle temperatur og vind. Frå eit tysk forskingsfly skal forskarane neste vinter bruke eit avansert laserinstrument som måler vind og fukt.
Blir rekna ut av superdatamaskinar
Moderne vervarsling er i stor grad basert på reknestykke med millionar av tal. Superdatamaskinar må til for å utføre desse reknestykka. Men svaret som reknestykka gir, er sjølvsagt avhengig av kva for tal du puttar inn. Desse tala må vere så riktige som råd. Det skal verforskarane no prøve å gjere noko med.
Publisert i "Polar forskning", bilag til Nysgjerrigper nr. 3-07
Sist endret: 29.10.2007