Jobbe som ekte forskar
04. sep 2007 23:00
Korleis kan miljøgifter frå Norge gjere isbjørnen i Arktis sjuk? Dette kan du finne ut av! I forskingsprosjektet Global POP får du vere forskar - på ordentleg!
I samband med Det internasjonale polaråret blir det arrangert eit forskingsprosjekt for elevar frå 13 til 18 år. Dersom de vil vere med, må de vere raske! Påmeldingsfristen er allereie 15.september.
Kva får du gjere?
Frå midten av oktober og til februar får du og klassen jobbe som ekte forskarar. De får samle inn prøver av fisk frå sjø- og ferskvatn. Forskarar brukar så avansert utstyr for å finne ut kor mykje miljøgifter fiskane har i kroppen og kva skade miljøgiftene gjer viss dei blir frakta til Arktis.
Informasjon på Internett
På Internett får de mellom anna informasjon om korleis de skal ta prøver av fisk, kva utstyr de kan bruke, korleis skulane sjølve kan vaske/rense utstyr og korleis prøvene skal merkast.
Fisk på menyen
I Arktis er fisk frå sjø- og ferskvatn nokre av dei viktigaste ingrediensane på menyen. Kan fiskar med små mengder miljøgifter i kroppen vere skadelege for ein stor isbjørn? Svaret er dessverre ja!
Miljøgiftene blir lagra i isbjørnen
Når isbjørnen et éin fisk, får den i seg miljøgiftene som den eine fisken har i kroppen. Miljøgiftene blir lagra i feittlagera til isbjørnen, og han klarar ikkje kvitte seg med dei. Når han et neste fisk vil mengda av miljøgifter i isbjørnen doble seg. Over tid kan mengda av miljøgifter i ein einskild isbjørn bli veldig høg.
Klar for å forske?
Dersom det høyrest spennande ut, er det berre å svinge seg rundt. All informasjon er på engelsk, men i samarbeid med medelevar og lærar finn de nok ut av det! Her finn de søknadsskjema til Global POP.
Kjelde: Sustain.no
Sist endret: 04.09.2007