Hard (krokodille)kost
15. aug 2007 23:00
Har du ikkje hatt høve til å besøke Akvariet i Bergen og sett alle dei spennande dyra dei har der? Ikkje fortvil! Kvar torsdag kveld framover kan du ta del i livet på Akvariet - frå sofakroken heime.
I seks månader har eit tv-team vore til stades på Akvariet i Bergen og filma frå dagleglivet der. Resultatet er ein spennande tv-serie i seks delar der ein får oppleve dramatikken som utspelar seg blant dyra.
Kjærleik og fiendskap
Søte, festkledde pingvinar og skumle, farlege reptil. Selar som gjer kunstar med entusiastiske dyrepassarar som læremeistrar. Kjærleik og fiendskap. Sterke kontrastar som gjer livet ved Akvariet heilt unikt.
Hissige krokodiller
I første del handlar det om to hissige krokodiller og dyrepassarar med krokodillekost! Og korleis lagar ein kokk eigentleg mat til 6000 svoltne fiskar av ulik storleik? Kokken går i alle fall god for menyen. Han har sjølv smakt på all maten han serverer til alle dyra på Akvariet.
Har du lyst til å vite meir om Akvariet i Bergen, har dei sine eigne nettsider.
Kjelde: tv2.no og akvariet.no
Sist endret: 15.08.2007