Den kvite kjempa er trua
30. jan 2008 06:00
Isbjørnen er sjølve symbolet på Arktis - det kalde nord. Men no blir han trua frå fleire kantar.
FOTO: GV-PRESS
Isbjørnen er det største rovdyret i verda på land, og lever i områda rundt Nordpolen, som blir kalla Arktis. I Noreg finn vi han på Svalbard. Fleire gonger har han vore nær utrydding på grunn av jakt. No tel bestanden omtrent 25 000 dyr, og han blir godt verna av strenge lover og reglar.
Men no blir isbjørnen trua frå andre hald. Global oppvarming gjer at leveområda til bjørnen blir mindre. Bamsen trivst best på isen, der han kan jakte på sel og andre dyr. Men sidan det er fare for at temperaturen kjem til å auke, kan isen smelte. Dermed blir det færre område der dyret kan leve.
Trua av miljøgifter
Isbjørnen har ein tjukk pels, og eit godt lag med spekk som held han varm sjølv om det blir ekstremt kaldt. Vi menneske har ikkje dei same eigenskapane, og bruker derfor klede til å halde oss varme. Fleecejakker er svært varme og gode. Men kan du tru at den same fleecejakka faktisk er ein fare for isbjørnen?
Fleecejakker er laga berre av resirkulerte plastflasker. Jakka er lett og varm, men stoffet er også ekstremt brannfarleg. Dei som lagar fleece, tilset derfor eit spesielt stoff som gjer at fleecen ikkje brenn så lett. Truleg reddar slike flammehemmande stoff liv kvart år. Men dei er også miljøgifter. Gjennom næringskjeda gjer miljøgiftene skade på isbjørnen.
På topp i næringskjeda
Isbjørnen er på toppen av næringskjeda. Dette betyr at mens han et byttedyr, blir han sjølv ikkje eten av nokon dyr. Isbjørnen et mykje sel, som igjen et fisk. Denne fisken et mindre fiskar, eller andre byttedyr han fangar i havet. Alle desse dyra tek opp miljøgifter som vi menneske lagar og slepper ut.
Får servert gift i maten
I små mengder er dei ikkje farlege, men dei blir lagra i organismane, og dermed samlar det seg etter kvart opp større mengder i dyr. Spesielt i dyr som har mykje feitt, som sel og fisk i arktiske strøk - og isbjørnen. Miljøgiftene er nemleg fettløyselege, noko som betyr at dei blir lagra i feittet på kroppen. Når isbjørnen et sel, får han i seg store mengder miljøgifter som er lagra i selen over lang tid.
FOTO: MASTERFILE/SCANPIX
Blir undersøkt av forskarar
No skal ei gruppe norske forskarar undersøkje korleis isbjørnen reagerer på klimaendringane, og kva slags skadar miljøgiftene gjer på isbjørnen. Dei vil setje satellittsendarar på isbjørnar, slik at dei heile tida veit kvar isbjørnane held seg. På denne måten kan dei følgje bjørnens rørsler i takt med endringar i klimaet, navigering og jaktmønstret. Forskarane vil også vite korleis giftene påverkar isbjørnen. For eksempel skal dei undersøkje om giftene skader skjelettet, ved å samanlikne funn med isbjørnskallar frå museum.
Forbodne gifter
Dei fleste av miljøgiftene som skader isbjørnen, er forbodne i dag. Men fordi dei blir lagra i dyr, tek det lang tid før dei kjem ut av næringskjeda. I mellomtida kan du kanskje vurdere kva for plagg du bruker for å halde deg varm?
Publisert i "Polarforskning", bilag til Nysgjerrigper nr. 3-07
Sist endret: 30.01.2008