Aldri meir heilt åleine
13. aug 2007 00:00
Viss du får bind for auga og blir plassert ein stad der du aldri har vore før, kan du likevel finne ut på meteren kvar du er hamna. Med ein liten GPS-mottakar i lomma er du aldri meir heilt åleine...
Om ein er på tur i bilen, på fjelltur eller rett og slett vandrar rundt omkring i ein by, kan det vere håplaust å finne fram dit ein skal. Ein GPS-mottakar kan vere løysinga. Med innebygde kart viser den oss nøyaktig kor vi er, og kan også foreslå beste reiseruta vidare. Tida då ein navigerte etter stjernene er definitivt forbi.
Sender ut signal
Om lag 19300 kilometer over jordoverflata flyg det 24 satelittar som hjelper oss. Satelittane har slik avstand at ein vil få kontakt med 4 av dei same kor ein oppheld seg på jorda. Signala som satelittane sender ut blir tolka av mottakaran som du har i lomma, og ved hjelp av innebygde kart viser den deg akkurat kor du er.
Går på solenergi
Satelittane veg 900 kg og har ein diameter på rundt 5 meter. Dei flyg med ein fart på rundt 11000 km/t i bane kring jorda. Kvart døgn klarar dei to runder og ved hjelp av to styrerakettar klarar dei å følge bestemte baner. Dei går sjølvsagt på solenergi, men har batteri i tilfelle det blir solformørking.
Virkar ikkje innandørs
Signala frå satelittane passerer gjennom skyer, glas og plast, men går ikkje gjennom bygningar og fjell. Har du gått deg bort, kan det derfor vere lurt å finne eit litt ope område med fri sikt til himmelen.
Kan ikkje stole på dippeduttar
Ein bør ikkje stole blindt på ein GPS-mottakar. Alle elektroniske dippeduttar er vare for regn og kulde, og på ein tur i ukjent terreng bør ein nok framleis ha med seg eit godt, gammaldags kart og eit kompass.
Følgjer vandringar på datamaskinen
Når bønder sender sauer og kyr til fjells på sommarbeite, kan dei no følgje vandringane til dyra på datamaskinen heime. Korleis? Små GPS-sendarar festa til dyrekroppane sender ut signal, og det blir såleis lettare å finne att dyra når sommaren er ferdig. Fortel du alltid kor du tar vegen, eller burde du også hatt ein GPS-sendar på kroppen?
På naturfag.no kan du lese grundigare om korleis GPS fungerer.
Kjelde: howstuffworks.com
Sist endret: 13.08.2007