Trampolineforsking på INOVUS 2007

17. apr 2007 00:00

Trampolineforsking, jente. Foto: Nysgjerrigper (Må ikke brukes utan avtale)

I 2005 blei klasse 5c ved Trones skole premiert for prosjektet "Hvorfor får vi så ofte støt når vi hopper på trampoline?". Under INOVUS 2007, som blir arrangert i Bodø frå 16.-18.april, vil ein av Nysgjerrigper sine ressurslærarar, Kjetil Henden, drive ekspressforsking med skuleklasser på nettopp dette temaet.

Gjennom praktiske øvingar skal grupper av barn finne ut om det om ein får støt eller ikkje kan knyttast til kva type fottøy ein har på seg. Med ei tidsramme på rundt 30 minutt for kvar gruppe, er det absolutt ekspressforsking det er snakk om.

Berrføtt forsking

Elevane skal hoppe med ull, fleece, plast, clogs, mikrofiberklutar, bomull og også barbeint. Kanskje finn barna sjølve andre fotplagg dei kan teste ut? Som ekte forskarar, registrerer elevane funna sine og presenterer resultata sine til slutt.

INOVUS-logo Foto: INOVUS (må ikke brukes uten avtale)

I godt selskap

INOVUS er Norges største festival for entreprenørskap blant unge. Rundt 2000 barn og unge vil fylle Nordlandshallen med entreprenørskap i praksis. Besøker du festivalen kan du i tillegg til spenstig Nysgjerrigperforsking få med deg Norgesmeisterskapen i studentbedrift, avansert legoleik og eit mobilt laboratorium.

Les meir om INOVUS 2007 på www.inovus.no!

Sist endret: 17.04.2007

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?