Næringsrike planter og sjølvlysande grisar

07. sep 2006 23:00

Ved å endre på gena kan ein gje bakteriar, insekt, planter og dyr nye eigenskapar. Ein kan til og med ta gen frå sjølvlysande manetar og sette desse inn i grisar. Resultatet blir sjølvlysande grisar!

DNA-molekyl, illustrasjon (Illustrasjon: Jon Solberg)Illustrasjon: Jon Solberg

Ein kan også forandre på planter slik at dei blir meir næringsrike og kan vekse i meir hardføre område.

Ny kunnskap

I dei siste tiåra har vi fått mykje kunnskap om gena våre. Vi har funne ut korleis gena gjer oss sjuke og vi kan ta gentestar som fortel oss om vi kjem til å bli sjuke i framtida. Etter kvart er målet å behandle sjukdommar med genterapi.

Nysgjerrigper-teltet

linje linje

Saman med Nysgjerrigper finn du:
Bioteknologinemda
Fysisk institutt, Universitetet i Oslo
Forskerfabrikken
Norsk Kjemisk Selskap
Norsk Teknisk Museum

Nysgjerrigper med vener diskar opp med spennande eksperiment og opplevingar midt på Universitetsplassen, 22. og 23. september 2006.

  linje
 

Det er strenge reglar for å forandre genmaterialet til oss menneske. Det er til dømes ikkje lov å klone eit menneske!

Bioteknologi på Forskningstorget i Oslo

I Nysgjerrigper-teltet kan du mellom anna eksperimentere med gen og finne ut meir om DNAet som er arvestoffet vårt.

Sei gjerne meininga di om bruk av bioteknologi og genteknologi til oss som jobbar i teltet. Synest du at det er bra, eller burde noko vere forbode å gjere?

Du kan lese meir om genteknologi og kloning på nysgjerrigper.no. Søk i arkivet!

Sist endret: 07.09.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?