Smarte, grøne kjøttetarar
21. aug 2007 00:00
I Noreg og andre land finst det plantar som et dyr. Dei bruker smarte feller når dei fangar middagsmat.
Soldogg
Soldogg veks på myrar. Plantane har seige hår som insekt blir sitjande fast på. FOTO: SPL/GV-PRESS
Det veks tre artar soldogg på myrar i Noreg. Plantane har seige hår på blada som insekt blir sitjande fast på. Håra bøyer seg ned mot insektet som er fanga. Også bladet kan rulle seg litt saman over byttet.
Bladet inneheld slim med eit stoff som løyser opp insektet. Når planten har fordøydd insektet, rettar bladet og håra seg ut igjen som om ingenting er skjedd. Dermed er planten klar til å fange neste insekt.
Flugefangarar
Flugefangaren fangar insekt fast inne i ei bladfelle foto: GV-PRESS
Flugefangaren er ein slektning av soldogg. Han finst i Amerika og fangar mat på ein litt annan måte. Langs bladkanten har han lange piggar, og inne på sjølve bladplata er det seks små børstar.
Når eit insekt rører ved børstane, klappar dei to halvdelane av blatplata saman som ei felle. Dei lange piggane låser bladfella slik fingrane dine gjer når du faldar hendene. Insektet blir sitjande fast inne i bladfella. Deretter blir det oppløyst av ei væske som blir utskild av planten – og fordøydd.
Tettegras
Det finst tre artar tettegras i Noreg. Ein av artane veks på grasbakkar i fjellet. Også tettegras fangar insekt med seige, slimete blad. Blada har ein feittaktig utsjånad og sit i ein rosett nedst på stengelen.
I gamle dagar laga folk her i landet tettemjølk av tettegraset. Blada frå plantane vart lagde på botnen av ei bøtte. Så helte ein nymjølka og varm mjølk over. Etter å ha stått nokre dagar var mjølka sur og seig, og då kunne ho halde seg lenge. Tettegras vart dessutan brukt for å lage urtete som lindra hoste og andre sjukdommar i luftvegane.
Blærerot
Blærerot flyt fritt i vatnet. Planta har små blærer som kan fange dyr. FOTO:BJØRN RØRSLETT/NN/SAMFOTO
I norske vatn er det fem artar av blærerot. Desse plantane manglar rot og flyt fritt i vatnet. Dei har nokre få gule blomar i toppen. På blada eller på stenglane finst små blærer som kan fange dyr.
På den eine sida av blæreveggen er det ei dør med ein opne- og lukkemekanisme. Ved døra er det nokre børstar. Viss eit lite insekt kjem borti, opnar døra seg, og blæra syg inn vatnet og insektet. Opninga og lukkinga av denne klappfella skjer momentant – det heile tek berre utruleg kjappe 1/32 sekund!
KanneberararKanneberar sluker insekt. FOTO: GV-PRESS
Kanneberarane veks først og fremst i tropiske delar av Asia. Hos denne planten endar blada i ein slyngtråd som går over i ein utvekst som liknar ei kanne. Ho kan ha flotte fargar som verkar tiltrekkjande på insekt.
Men innvendig er denne kanna dekt med kjertlar. Desse held fast eit insekt etter at det har falle ned i kanna. Kanneberaren har ei saft som er like sterk som magesyre. Safta løyser opp insektet før planten fordøyer det!
Publisert i Nysgjerrigper 4-06
Sist endret: 21.08.2007