FIRST LEGO League-finalen 2006

29. nov 2006 00:00

FLL 2006, NANO QUEST

I år er Västerås i Sverige vertskap for finalen i FIRST LEGO League (FLL). Laurdag 2. desember møtest 37 lag frå heile Skandinavia for å konkurrere i oppgåver knytta til nanoteknologi. Sjå fram til spennande timar rundt robotbana!

Laga som møtest til kappestrid i Västerås, har vore gjennom knallharde kvalifiseringsrunder i heimlanda sine. På laurdag skal dei ulike laga presentere arbeida sine.

FLL, legorobotEksempel på ein LEGO-robot. FOTO: Hjernekraft.org Heimelaga robot

Den praktiske delen av oppgåva blir å vise fram ein heimelaga robot som skal løyse ulike oppgåver på robotbana. Roboten er designa, bygd og programmert av deltakarane sjølve.

Oppgåve om nanoteknologi

Både den praktiske og teoretiske oppgåva handlar om nanoteknologi. Oppdagingar innanfor nanoteknologien er absolutt noko som kan forandre kvardagen vår. Kanskje ser verda annleis ut etter finalen i årets FIRST LEGO League?

Kva er FIRST LEGO League?

linje linje
  • FIRST LEGO League er ei teknologiturnering for barn mellom 10 og 16 år.
  • Blir arrangert av stiftelsen FIRST Scandinavia.
  • Har som formål å stimulere barn si interesse for naturvitenskapelege og tekniske/ matematiske fag.
  • I førekant av turneringa får barna 8 veker på å løyse oppgåva som er to-delt; ein teoridel og ein praktisk del.
  linje
 

På hjernekraft.org kan du lese meir om FIRST LEGO League og oppgåvene!

100 gongar sterkare

Nanoteknologi er forsking på dei minste byggeklossane i universet. Ein flyttar på atom og molekyl og prøver å bygge nye stoff. Eit eksempel er karbon-nanorøra som vart oppdaga i 1991. Desse røra er berre nokre milliarddels meter breie (nokre få nanometer), men er samtidig opp til 100 gongar sterkare enn stål - og vekta er berre ein seksdel!

Les meir om nanoteknologi på nysgjerrigper.no. Søk i arkivet!

Sist endret: 29.11.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?