Tok synstest på trilobitt

21. feb 2006 06:00

Ein norsk forskar har sjekka synet til ein 400 millionar år gammal trilobitt og gjort heilt nye oppdagingar.

Trilobitt, fossil, øye/Nysgjerrigper 1-06Nærbilete av hovudet på eit trilobitt-fossil med auge på kvar side. Fossil er restar av dyr eller plantar som ein gong var levande. FOTO: SPL/GV-PRESSTrilobittane er ein fjern slektning av kreps og krabber som levde på jorda i 300 millionar år. For 250 millionar år sidan døydde dei plutseleg ut. I dag er fossila til trilobittane den viktigaste brikka for å forstå korleis livet var i dei gamle verdshava.

Enorme auge

Nokre trilobittar levde på djupt vann og var blinde. Andre utvikla enorme auge. Professor David Bruton ved Universitetet i Oslo ønskte å finne ut om trilobitten kunne sjå bilete, eller om det var slik at han berre kunne skimte fiendar fordi det skjedde ei endring mellom lys og skugge. Han tok derfor synstest på ein 400 millionar år gammal trilobitt. Sjølv om trilobitten berre var to centimeter lang, hadde han svære auge. Begge auga bestod av fleire hundre linser. Med diamantsag skar han over linsene. Så målte han vinkelen til linsene. Då han sette sterkt lys på linsene, kunne han sjå kva for linser som var i fokus.

Syn som insekt

Konklusjonen til professor Bruton er soleklar: Linsene oppfatta kvar sin del av eit bilete - og var bygde opp på same måte som hos insekt. Professoren kunne òg slå fast at denne typen trilobitt hadde djupnesyn.

Kva såg trilobitten?

Kva slags glede hadde trilobitten av synet sitt? Jau, han kunne sjå eit liv i verdshava som var svært annleis enn i dag. Her levde dei aller første fiskane som var kjevelause. Trilobitten levde også blant blekksprut, korallar, sju meter lange sjøliljer og ei mengd andre trilobittar.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1/2006

Sist endret: 21.02.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Marit Møllhausen 

RSS strøm
Hva er RSS?