Gutta på tur

13. feb 2006 00:00

Dei fleste utstoppa tropiske dyra på Zoologisk museum i Oslo er samla inn av eventyraren og villmannen Knut Dahl frå Hakadal. På slutten av 1800-talet reiste han til Afrika og Australia saman med bestevennen sin. Bestevennen var ekspert i å stoppe ut dyr.

Eventyreren Knut Dahl, portrett/Nysgjerrigper 1-06Eventyraren Knut Dahl. FOTO: NHM/UiOUt i ingenmannsland

Til turen var dei to veldig sparsamt utrusta. Dei hadde med seg eit gevær, ei hagle, ei elefantrifle, to revolverar og eit svært lass med glas, sprit og formalin. Skorne og patronene laga dei sjølv. Dei pakka ned eit par telt og gav seg i veg ut i det store ukjende. Då mennene kom til den afrikanske bushen, møtte dei eit utruleg dyreliv. Dei ladde skytevåpna og skaut i veg.

  På jakt etter kunnskap

Har du lyst til å lære meir om spennande og ukjende vitskaplege ekspedisjonar før i tida, kan du besøkje utstillinga "På jakt etter viten" på Zoologisk museum i Oslo. Dei held ope til 30. april i år. Der kan du lære meir om store og viktige norske oppdagarar som ikkje vart like berømte som Nansen og Amundsen. Sjå nettutstillinga her!

 
 

Sebraskalle

Bestevennen hadde eit lite problem. Han nekta å bruke bukseselar. Då dei ein gong skadeskaut ein sebra, fall han så lang han var fordi buksene datt ned på oklene. Det gjorde ikkje akkurat jakta enklare. Etter tre timars kamp mot varmen, myggen og buksene fekk han endeleg has på dyret. Det var midt i regntida. Lufta var så fuktig at pelsen rotna på sebraen. Berre hovudskallen kunne brukast, og finst i dag på museet.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1/2006

Sist endret: 13.02.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Knut van der Wel 

RSS strøm
Hva er RSS?