- Gap opp!

18. apr 2006 00:00

I 1937 høyrde norske forskarar om den flotte tannhelsa på ei isolert øy i Atlanterhavet. Dei sette kursen mot øya Tristan da Cunha og tok med seg ein tannlege.

Tristan de Cunha, forskere/Nysgjerrigper 1-06Dei norske forskarane før avreise. FOTO: NHM/UIO Barna som stilte opp for forskarane, fekk kvar sin sjokolade i byte mot ei trekt tann.

På 1930-talet var norske barn veldig plaga av hol i tennene. Mange fekk gebiss i konfirmasjonsgåve. Gode tenner var mangelvare. Men endeleg baud høvet seg til å gjere noko med problemet! Norske forskarar planla ein ekspedisjon til den mest avsidesliggjande øya der det budde folk - Tristan da Cunha. Øya ligg i Atlanterhavet midt mellom Afrika og Latin-Amerika.

Tenner, Tristan de Cunha, tannhelse/Nysgjerrigper 1-06FOTO: NHM/UIO Enkel kost

Dei 188 innbyggjarane levde berre av fisk, egg og poteter. Ikkje noko anna. Ryktet om ei svimlande god tannhelse hadde nådd Noreg. Dette måtte sjekkast. Forskinga kunne kanskje føre til at norske barn fekk betre tenner.

Sjokolade i premie

På jakt etter kunnskap

Har du lyst til å lære meir om spennande og ukjende vitskaplege ekspedisjonar før i tida, kan du besøkje utstillinga "På jakt etter viten" på Zoologisk museum i Oslo. Dei held ope til 30. april i år. Der kan du lære meir om store og viktige norske oppdagarar som ikkje vart like berømte som Nansen og Amundsen. Sjå nettutstillinga her!

Dei norske forskarane tok derfor med seg eigen tannlege. Han rigga til eit tannlegekontor på øya og inviterte alle barna. Tannlegen trekte ei tann hos kvart einaste barn. I premie fekk kvar av dei ei plate sjokolade. Sjokoladen var så god at mange av barna kom tilbake neste dag. Dei ville ha meir. Tannlegen let seg ikkje be to gonger og trekte endå ei tann. Den søte premien var då redusert til ei halv plate sjokolade.

Tristan de Cunha, barna/Nysgjerrigper 1-06Alle barna som deltok i forskinga. FOTO: NHM/UIOSukkerfritt

Tannlegen la merke til at innbyggjarane på Tristan da Cunha mangla ein spesiell type bakterie i spyttet. Først trudde forskarane at mangelen på bakterien var årsaka til dei gode tennene. Men så gjekk det opp for dei at den gode tannhelsa kom av kosthaldet og mangelen på sukker.

Havfiske frå fjellet

Tristan de Cunha, forskere, dyrelivet/Nysgjerrigper 1-06Forskarane undersøkte også dyrelivet. FOTO: NHM/UIO

Ein av forskarane var zoolog. Han var med på ekspedisjonen for å forske på livet i havet. Men dei undersjøiske klippene og farlege straumane i havet gjorde at han ikkje torde å dra ut med båt. Han visste likevel råd. Zoologen drog til fjells og fanga fisken seks hundre meter over havet. Fangstmetoden var langt smartare enn fiskestong. Målet var fuglefjellet der tristan-albatrossen mata ungane sine.

Gulpemat

Albatrossen hadde med seg masse herleg mat frå havet. Ved reiret gulpa han opp maten og let han skli ned i gapet på dei glupske ungane sine. Det var då zoologen nytta sjansen. Når foreldra var flogne, heldt han ungane opp ned og klemde ut alt innhaldet. Gulpematen lukta vondt, men var framleis i god stand. I gulpet fann zoologen store raude reker, tanglopper, fisk og heil blekksprut. Fleire av desse artane var heilt nye for vitskapen.

Publisert i Nysgjerrigper nr. 1/2006

Sist endret: 18.04.2006

  1. KULTUR OG HISTORIE
  2. KROPP OG HELSE
  3. SPRÅK OG TALL
  4. VERDENSROMMET
  5. HAV OG VANN
  6. DYR OG NATUR
  7. TEKNOLOGI
  8. MILJØ OG KLIMA
  9. Alle

Nysgjerrigper
Norges forskningsråd
Stensberggata 26
0131 Oslo
Tel: 22 03 75 55/70 00
Fax: 22 03 70 01
E-post:
nys@forskningsradet.no
Internett:
http://www.nysgjerrigper.no/
http://www.forskningsradet.no/

Redaktør:
Kate A. Furøy

RSS strøm
Hva er RSS?